Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ein møtestad himmel – jord

Utsikta innover Nordfjord ved Holmely
Foto: Ingebjørg Isane Fure

«Gud er navnet på et fellesskap som opner seg i evig kjærlighet mot verden», er eit sitat som seier noko om Guds lengsel. Truleg la Gud noko av sin lengsel ned i gründerane av Holmely: Ein lengsel etter å føre menneske nærare til seg, ein lengsel etter å gje fred, kjærleik, nytt liv og lækjedom, midt i ei verd som kan vere tøff å leve i.

Ei anna side ved dette var at gjennom tenesta på Fjordly Ungdomssenter møtte ein eit behov blant mange for sjelesorgsamtaler og det å komme avsides. Dette var ikkje alltid lett å få til på ein hektisk leirstad. Ein såg og at samfunnsutviklinga peika imot større behov for ein stad der ein kunne få pausar frå hektiske og krevjande kvardagar.

Små og store under
Utan at Holmely (første åra var namnet Fjordly Omsorg og Retreat) var noko som først låg på Guds hjerte, er det vanskeleg å forstå faktum som at Hansen A/S grov ut tomta i 1991 gratis, eller at ei kvinne gav 250 000 i starten av bygginga. Denne kvinna var inga «misjons-kvinne». Elles var det mange gjevarar, hovudsakleg frå andre landsdelar. Vidare kan ein nemne bønder som gav gratis materiale og mange som gjorde dugnad. Byggjetrinn to vart bygd på dugnad med Bertil Austrheim som dugnadsleiar.

Spesielt var det også når det tredje byggjetrinnet kunne reisast i 2003 etter at fleire store gåver på til saman 2,8 millionar hadde kome inn.

 Men dei mange vitnesbyrda frå brukarane, er minst like store teikn på Guds stordom i Holmely-arbeidet. Diktet til høgre fortel om noko av dette. Eller eit sitat av Jorunn Glomnes i 2004, då Holmely feira ti år:
«Menneske blir møtt av Kristus, Han tek til med gode prosessar. Han riv ned og byggjer opp. Han fornyar relasjonar og lækjer indre sår. Han let slitne menneske finne kvile her. Han sender folk frå heilt andre landsdelar for å finne tilfluktsplass og utrustningsplass. Vi ser sterke ting hende i det stille.»

Stoda i dag
Sjølv om økonomien etter kvart har vorte utfordrande, ein er noko på etterskot med utvendig vedlikehald, og det er ei utfordring å nå ut med tilboda i mylderet av informasjon, så er det mange positive trekk å nemne: Holmelystyret og andre frivillige har stilt opp ekstra i ein lenger periode no medan Holmely er utan dagleg leiar. I tillegg trekkjer husmor, Haldis Håvik, i trådane. Dyktige talarar held temahelger. Vidare kan ein nemne damer frå bygder omkring som vaskar på dugnad etter arrangement. Og framleis får menneske møte Guds omsorg gjennom til dømes samtaler, livsnær og bibelfundert undervisning, den heimelaga maten, freden, stilla og den vakre naturen.

Samarbeid
I fjor haust starta Holmely eit samarbeid med Fermate Sunnmøre om sjelesorgskurset «Ta vare på deg sjølv og andre». Kurset er utvikla innan Normisjon og har allmenn relevans. Ein prøver også ut eigne dagar for sjelesorgsamtaler.

Ny dagleg leiar
Ikkje minst er det gledeleg at det kjem ny dagleg leiar frå hausten: Eva Langseth, 35 år, opphavleg frå Frosta. Ho og mannen Rune flytta frå Oslo til Måløy hausten 2011, då Rune fekk prestejobb i Vågsøy. Dei ønskte eit rolegare liv enn i storbyen, og fekk fred for å busetje seg ved havet i vest. Eva har lærarutdanning med vidareutdanning i mellom anna diakoni. Paret har ei lita jente.

Eva tenkjer at behovet for å søkje stilla (stillhet) er undervurdert blant folk flest.  Ho ønskjer å alminneleggjere behovet for stilla:
   - Dessverre er det kanskje slik at folk oppdagar retreatstadar som Holmely, når dei først har møtt veggen. Draumen min er at folk også skal komme før dei krasjar i ein vegg, eller før livet blir for vanskeleg å takle. At ein kan våge å trykkje på pauseknappen oftare.  

Les lengre intervju med Eva her.
Saka som pdf-fil kan lastast ned her: Ein møtestad himmel-jord.pdf


Diktet er henta frå gjesteboka på Holmely. Det er skrive av ein anonym gjest. 


Vil du gje ei gåve til Holmely? 
Bruk kontonr. 3000.14.72204