Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sal av heimebakst

Anne Gro Dogan er klar for sal av heimebakst.
Foto: Arne Håberg

Sunnfjord folkehøgskule har lange tradisjonar med julemesse og sal av julekaker. Kvar julemesse står folk i kø for å kjøpe julebakst frå Solvang. Ein har også i alle år levert betasuppe til arrangement og drive med catering.

I 2012 vart heile kjøkkenet ved Sunnfjord folkehøgskule renovert. Med nytt kjøkkenutstyr vart kvardagen forandra for kjøkkenpersonalet. Det vart mogleg med større produksjon, og forholda låg til rette for utvida drift. Hausten 2013 kom ideen om å starte med sal av heimebakst. Frå september har skulen ope fredagsutsal slik at folk kan komme og kjøpe heimebakst frå kjøkkenet på Solvang. Tiltaket har blitt meir og meir populært, og gjev både variasjon og glød i arbeidet. Fredagsutsalet er ope frå kl. 14-16.30. 

Så langt gjev sal av heimebakst ei inntekt på ca. kr. 20 000 i månaden.