Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Engasjement som varmar

Eid misjonsforeining gjev babyar i Okhaldhunga ein varmare start på livet. Aud Berstad Dolve leiar foreininga (ho stod bak kameraet).
Foto: Aud Berstad Dolve

Mellom 15 og 20 kvinner samlast onsdagar på bedehuset på Eid. Dei har eit stort misjonsengasjement.
Det er også fleire andre foreiningar og enkeltpersonar i fylket som har eit brennande engasjement for dei nye verdsborgarane ved Okhaldhunga sjukehus.

I månadsskiftet februar/mars var regionleiar Jan Magne Moi på tur til Nepal saman med eit reisefølgje. 80–100 kg med babyteppe frå regionen vart fordelte i sekkar og koffertar til alle i reise gruppa. Reisefølgjet til Jan Magne fekk kjenne på eigen kropp at det ikkje er spøk å bu i kalde nepali­hus om vinteren. Dei såg at teppa varma babyane, og varma hjarta til foreldra.
Hjarteleg takk til alle som strikkar og ber!


Babytepper har kome fram til Kathmandu. Her blir dei lasta vidare med Okhaldhunga som endeleg reisemål.  Foto: Marius Økland. 



 Babytepper er komne fram til sjukehuset i Okhaldhunga og blir delt ut til dei nyfødde.  Foto: Marius Økland. 


Oppe til venstre heng det eit nyvaska teppe til tørk. Det er sannsynleg at dette er "handmade in Norway" (laga for hand i Noreg). Foto: Marius Økland.