Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ei bøn i fastetida

Foto:

Forfattar: Vegard Tennebø

Fastetid er ei åndeleg vårreingjering på veg mot langfredagens kross og påskemorgonen si store gåve: nytt liv i Jesus Kristus. Som for Jesus, slik også for oss. Vår veg til nytt liv i trua på Jesus, er i følgje med han på den vanskelege vegen mot krossen og Guds dom over egoismen sin frådande vondskap. Der vert sjølvtilstrekkeligheten og stoltheita sine mange andlet avslørt. Henry Nouwen har skrive: «Vi treng ikkje å sjå utover i verda for å få auge på vondskap. Det er berre å vende blikket innover i sitt eige hjarte – for der finn den ærlege kimen til all verdas vondskap.»

Krossen tvingar oss i kne – før den løftar oss opp.
I krossen ser vi noko svært nedslåande - kor fortapte vi er: det var naudsynt at Jesus døde. Men i krossen ser vi samstundes noko overmåte oppløftande - kor uendeleg elska vi er, for Jesus døde gladeleg for meg. Eg er meir fortapt enn eg kan våge å innrømme. Men meir elska enn eg kan våge å håpe på. Halleluja!

Eg har funne ei bønn som gjennom fleire år har rotfesta meg i kven eg er og kven Jesus er og som alltid måler hans hans vakre storleik for augo mine. No gjev eg den til deg – som ei bruksbøn, som ei meditasjonsbøn og som ein måte å leve på.
Min Far i Himmelen.
I Kristus er det 
ingenting eg kan gjere for å få deg til å elske meg meir, 
og ingenting eg har gjort som kan få deg til å elske meg mindre.
 
Ditt nærvær og din aksept 
er alt eg treng for evig glede.
 
Som du har vore mot meg, 
slik vil også eg vere mot andre.
 
No - når eg ber - vil eg måle 
djupna av din miskunn frå korset
og omfanget av di kraft frå oppstoda!