Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Eit hefte om Holmely er til sals

Holmely ligg like i strandkanten ved Nordfjorden.
Foto:

Heftet fortel om bakgrunnen for å starte dette senteret, om byggjeperioden, dei første driftsåra og nokre glimt frå 2000-talet. I tillegg kan ein lese om korleis ein del menneske har opplevd å vere på Holmely. 

Heftet er på 22 A4-sider og kostar 100 kr. 
Ein får kjøpt det på Holmely og på regionskontoret til Normisjon Sogn og Fjordane på Sandane (Nordstrandsvegen 12).
Kontakt Normisjon Sogn og Fjordane dersom du ønskjer å få det tilsendt i posten (30 kr ekstra for porto). 
Tlf 57 86 63 49, e-post: sof@normisjon.no

Eit par glimt frå heftet:


Ei spesiell tid var i gong. Edin Løvås (retreatbevegelsens far) sa: «Jeg tror ikke noen andre slike steder har så ideell og vakker plassering. Hele naturen og områdene rundt innbyr til ro og stillhet innfor seg selv og Herren Jesus».

Plastposen med uvanleg innhald
Han har gjeve beskjed om å bli møtt «der og der» ein dag i byrjinga av 91. Noko han skulle overlevere! Mottakaren trudde det var ein vare, tek imot posen, den var så lett! Beskjeden frå han var: «Ikkje opne opp før du er heime att. Det er til dette som blir bygt opp no.»
Dei samla seg om posen, dei som var der, oi – oi, setlar – mange! Kr. 70.000!! Det vart takkestund til Far i himmelen.


Relatert:
20 års-jubileum for Holmely 29 november 2014
www.holmely.no