Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sterkt møte med misjonen

Ernærings- og hygieneråd er betre enn lykkeamulettar.
Foto: Foto: Jan Magne Moi

Marius Økland, acta- og administrasjonsleiar i Sogn og Fjordane, var i februar sendt til Nepal for å sjå og lære kva arbeid Normisjon driv på med internasjonalt.

Sjukehuset i Okhaldhunga
   - Det var fint å sjå dei nye bygningane som reiser seg på sjukehuset i Okhaldhunga, men betong og stål kan ikkje forkynne Guds kjærleik, seier Marius.
Han var innom eit feiande flott offentleg sjukehus i nabodistrik-tet til Okhalddunga. Men der er ikkje hjelpande hender. Ingen lege. Og lite medisin. Kva gjer ein når barnet ikkje vil ta til seg næring? Som er døyande av diaré?

Mange oppsøkjer den lokale «medisinmannen», sjamanen. Lykkeamulettar, maning av ånder og dårlege råd vert håpet. Men misjonsvener i Norge sørgjer for at alle under 12 kg får gratis legehjelp på sjukehuset i Okhaldhunga. Familien på bildet hadde brukt 25.000 rupi (ei god månadsløn!) på amulettar og gåver til sjamanen utan å få hjelp. Dei hadde høyrt om gratis legehjelp på radioen, og etter tre dagars gange var dei framme. Etter ei veke på sjukehuset, der dei fekk faglege ernæringsråd, og nokre få hundre rupi i medisinar så var guten kvitt diareen. Trua på sjamanen var svekka, og undringa for at nokon ville gje dei gratis hjelp var skapt.

 Norske kollektkorger er med å skape håp for dette livet og det evige. DU var med og redda livet til dette barnet!»