Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Nye folk på Fjordly

Det er stor glede i region Sogn og Fjordane over at Marte-Iren og Halgeir skal begynne på Fjordly.
Foto: Foto: Privat

Om det blir nye folk på Fjordly, er dei likevel kjende ansikt for mange: Begge hadde Fjordly som ein andre heim i oppveksten og har vore leiarar på mange leirar. Ein periode var dei utflytta, men då dei kom tilbake til Nordfjord og fekk eigne born, har dei hatt mange turar frå Vågsvåg, der dei bur, til Fjordly.

Har hjarte for Fjordly
Marte-Iren har sagt opp jobben som kyrkjelydspedagog i Vågsøy, og skal vere dagleg leiar i 70%. Halgeir har ein turnus med to veker på plattform og fire veker heime. Han blir frivillig tilsett som vaktmeister i 30%. Dei skal ha eitt års vikariat, i første omgang.
   
   - Kva fekk dykk til å seie ja?

   - For det første har vi hjarte for Fjordly. Vi gler oss over at borna våre også er glade i Fjor-dly, og vi vil gjerne at Fjordly skal vere ein viktig stad i Nordfjord vidare og. Og så opplever vi at Gud kallar oss til det.

   - Kva ønskjer de for Fjordly?
   - Vi ønskjer at Fjordly skal vere ein fin og attraktiv stad. Bygningsmessig, men først og fremst åndeleg. Det skal vere godt å kome til Fjordly. Tidlegare biskop Hagesæter sa: «Ta vare på Fjordly, som ei varmestove for fjorden.» Eg har ein visjon om at Fjordly skal vere ein plass der folk i alle aldrar skal få inspirasjon, åndeleg på-fyll og fellesskap med andre - i endå større grad enn no, seier Marte-Iren. Eg trur Gud held på å bygge opp noko nytt i Nordfjord og at Fjordly skal vere ein del av det.

Ein stor innsats av Ove Aksnes
Ove Aksnes har vore styrar både for Fjordly og Holmely (på Holmely frå januar 2012 til juni 2013) i ei tid med mykje endringar. Svært mykje har skjedd og Ove har halde oversikten og har koordinert mange innspel. Nye hytter på Fjordly har vorte reist på dugnad og det har vore mykje å ta tak i.
   - Det er utruleg med initiativ som har vore i denne perioden, ikkje berre med hyttene, men også i og rundt gamle bygningar. Det har vore kjekt å sjå korleis Ove har teke del i og leia alt dette. Ein fantastisk innsats, seier regionleiar Jan Magne Moi.
Ove har vore tilsett sidan 2011 og har fått eitt års permisjon.


Ove Aksnes har fått ein del "laurbær å kvile på"  gjennom innsatsen sidan 2011.