Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Syng det ut!

Florø fekk glede av eit «rosa innrykk» i byen denne helga. Den rosa gjengen lét heile byen få høyre at «Jesus is right here».
Foto: Foto: Stine Lillebø Hopland

I mars 2001 starta Ragnhild Hiis Ånestad eit barne - og tenåringskor som heiter Oslo Soul Children. Dette er eit kor for songarar i alderen 10 - 16 år, som syng musikk i stilartane gospel, rock, pop, soul og R`n B. Etterkvart utvikla dette seg til eit korkonsept, som resulterte i ei stor kor-rørsle som no har 90 lokale kor i Norge, samt kor både i USA, Sør-Amerika, Asia og Europa. 4 av desse kora høyrer til i Sogn og Fjordane.

Samling for første gong
Helga 25.-27. april samla over 50 Soul Children frå Sogn og Fjord-ane seg til Soul Children Gathering i Florø. Dette var fyrste gong det vart arrangert «gathering» for kora i Sogn og Fjordane. Med Florø i strålande solskin, flotte instruktørar og Jesus på laget, vart det ei flott helg!

Til å inspirere og instruere kora kom Bibelskulen i Grimstad sitt Ecuador-team. 5 flotte unge-vaksne som nett har vore i Ecuador for å starte Soul Children-kor der. I tillegg kom Eva Rotheim frå hovudkontoret til Acta for å ha seminar for leiarane.

 I Sogn og Fjordane har vi førebels Soul Children-kor på Sandane, i Breim, i Olden og i Gaular, og alle kora var representert på gatheringen.

Innhaldsrik helg
I løpet av helga fekk deltakerane vere med på øvingar, solist- og danseseminar, «open scene» med song og underhaldning, i tillegg til konsertar, andakter, fotball, god mat og litt soving.

Laurdag kveld var alle dei frivillige rundt gatheringen invitert til å vere med på ein sosial kveld med opa scene. Her opptredde kora for kvarandre, stilte med soloinnslag, hadde sketsjar og konkurransar. I løpet av kvelden fekk vi vere med på ei reise frå «O’ helga natt» til «The cup-song», mangfaldet i gjengen var stort!

Konsert
I løpet av helga hadde koret to flotte framsyningar. Ein utandørskonsert på torget, - tusenårsstaden i Florø. Samt at koret deltok på gudsteneste i Florø kyrkje. I høve denne helga hadde kor-medlemmane fått knallrosa Soul Children t-skjorter, så vi sette både lyd og farge på byen denne helga.
Konserten på torget vart ein stor suksess. Koret hadde i løpet av fyrste døgnet øvd inn 9 låtar som dei framførte til «20 i stil» for dei frammøtte og forbipasserande på torget. Og med eit stort og godt lydanlegg er det vel ikkje tvil om at dei som ikkje var på torget fekk med seg delar av konserten likevel! Med tekstar som «Jesus is right here», og «Jeg vil synge ut min takk» håpar vi at mange fekk med seg bodskapen vi ynskte å få fram!

Søndagen var det gudsteneste med utdeling av 6-års bok i Florø kyrkje. Her bidrog vi med dans og song. Også 6 åringane fekk vere med på ein av songane. Her stod 50 Soul Children og rundt tjue 6-åringar framme i kyrkja og song: «Lær oss å gå den veien du leder. Lær oss å se utover våre liv. Lær oss å hvile i dine løfter. Ditt ord står fast til evig tid. Lær oss å GÅ!» Eit sterkt augeblikk for mange av oss som såg på.

Strålande innsats

Helga gjekk strålande takka vere svært god innsats frå frivillige både frå kora og frå foreininga i Florø. Florø Normisjon stilte med hjelp til både vasking, servering, oppvask, rydding, matlaging m.m. Anders Bruland ved «Bruland Lyd og Lys» hadde ansvar for lyd og scene. Takk også til Teamet, Eva og Helene! Vi er svært takksame for all hjelp i høve helga!

Nyplanting
For oss som var til stades denne helga var det tydelig at Soul Children er eit konsept som slår an blant barn og unge, og vi fekk sjå mange frukter av det gode lagsarbeidet som skjer rundt oss. Ynsket er at helga også skal ha sådd nokre frø som på sikt kan føre til at vi blir endå fleire i Soul Children- familien. Vi ynskjer oss fleire kor, og Florø er eit av satsingsområda. Kanskje aukar vi frå fire til seks kor i Sogn og Fjordane før neste «gathering» i 2016?

Dersom du no sit i Florø eller omland og tenkjer at «dette vil eg vere med på» så ta kontakt med Stine i Acta Sogn og Fjordane! Koret treng både dirigent, lydmann, og eit stort team av vaksne som kan vere med å bidra. Til slutt ei lita helsing frå Salme 47,7:
«Syng for Gud, ja,
 syng og spel,
 syng og spel
 for vår konge!»

Sjå foto på www.acta.as