Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kristen tru i praksis

Linda Elise saman med temaet og nokre av dei teamet jobba med på Haiti frå Brasil, Haiti og USA. (Linda nr. 2 framme.)
Foto: Foto: Privat

Linda har hatt eit innhaldsrikt år:
   - Dette er ei linje der eg har fått lære mykje om meg sjølv, trua mi, og om misjon både i inn- og utland. I januar og februar var eg og fire andre på Haiti i seks veker for å ha misjonspraksis. Der besøkte vi ein brasiliansk misjonsorganisasjon; MAIS, og fekk vere med på arbeidet dei driv der. Vi fekk vere med på mykje spennande i løpet av opphaldet vårt; besøke barneheim, landsbyar, slummen, og kyrkjer m.m.

Mange fekk erfare Guds kraft
   - Vi fekk verkeleg sjå Guds storheit medan vi var der. Vi bad for tallause heimar og personar og fekk sjå utrulig mange menneske bli lækte for sjukdomar. Vi fekk òg gi dei Guds fred og eit håp for framtida.

   - Ein gong bad vi for ein mann som hadde vore sengeliggande i over 16 månadar og hadde prøvd både legemedisin og woodoo for å bli frisk, men det hjelpte ikkje. Etter at vi hadde bedd for han reiste han seg etterkvart opp, og eit par minutt etterpå var han fullt på kledd og med Bibelen i handa var han klar til å gå til kyrkja for å takke Gud! Vi er Gud den allmektige sine hender og føter på jorda, og han kan bruke deg og meg til å utføre hans mirakel!

Nokre fleire glimt frå opphaldet på Haiti kan ein sjå og lese om på bloggen  fiahaiti.blogspot.com