Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

«Vårt bedehus»

John Eivind Warvik og Arne Standal Hagen er nøgde.
Foto: Foto: Marius Økland

Vaksenforeininga har gitt ungdommane eit budsjett og frie tøyler til korleis utforminga av kjellarstovene skal bli. John Eivind Warvik er tømrarlærling og har vore «byggjeleiar» for oppussinga. Han seier at det har vore viktig for ungdommane at arbeidet dei gjer er skikkeleg. Så dei har rydda, pussa, vaska, skrapa, fylt i hol, sparkla og pussa igjen og måla skikkeleg. Det er lagt parkett på golvet, peisen er ordna og det er kome på plass varmepumpe.

Oppussinga har ført til vitalisering av det åndelege ungdomsarbeidet. Kvar tysdag samlast 7-8 ungdommar til bibel og bøn i dei nyoppussa lokala, og i april blei det arrangerte «Acta-weekend» med bibeltimar, overnatting, besøk av Gå Ut Senteret og årsmøte for Acta.