Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ny volleyballærar

Todd Johnson
Foto:

Todd Johnson er 37 år og kjem frå Canada. Han voks opp på ein gard i provinsen Saskatchewan. Han har bachelor i «Youth Ministry», og har budd i Norge i snart 13 år. Todd er gift med Kristy Ledene, som også er frå Canada. Saman har dei dottera Nora på snart 2 år.

Norske oldeforeldre
   - Eg hadde ein draum om å spele volleyball i Noreg då eg var 17 år gammal. Oldeforeldrene mine var født i Norge, så eg hadde alltid høyrt mykje om Norge frå besteforeldrene mine.» Johnson var elev ved Molde folkehøgskule (Rauma) i 1997 for å lære om Noreg og spele volleyball for Aukra.
   - Året på Rauma var ei fantastisk oppleving. Eg lærte mykje om meg sjølv, norsk kultur og blei kjent med mange fantastiske menneske.

Etter nokre år i Canada på college hadde Johnson lyst tilbake til Norge for å spele volleyball i eliteserien. Han har spelt med Mosjøen, Sortland og Kristiansund. Det største augeblikket var då han vann Kongepokal med Kristiansund i 2005 og 2007. «Eg trur ikkje nokon andre frå Canada har vunne kongepokal 2 gonger!»

Johnson har også trenarutdanning frå Canada og Norge. No gler han seg til å vere volleyballærar på Sunnfjord folkehøgskule.
   - Eg har lyst til å bygge relasjonar, bygge menneske og leiarar gjennom volleyballen. Det er eit privilegium for meg å jobbe på ein folkehøgskule som set menneske i fokus.