Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Inviterer til minifolkehøgskule

Foreldre og søsken får ein smak av folkehøgskule.
Foto: Foto: Odd Harald Halse

Det er ikkje alle folkehøgskuleforeldre som innrømmer det. Men vi veit at det stemmer likevel: Dei er misunnelege. I staden for å sende ungane til eit år med friluftsliv, skulle dei veldig gjerne ha reist sjølv. Dei skulle så gjerne ha opplevd soving under open himmel, skitur på vårsnø, kajakktur på fjorden og kos rundt bålet.

For å hjelpe desse foreldra, som er litt for gamle for vanleg folkehøgskule, har vi laga eit spesialopplegg. Vi inviterer til ein minifolkehøgskule to døgn i mai. Der får dei prøve noko av det eit folkehøgskuleår i Nordfjord kan tilby: Utfordrande samarbeid i hinderløypa. Eit blåmerke eller to. Matlaging i det fri. Kajakktur og båttur på Gloppefjorden. Overnatting i gapahuken. Støle kroppar. Fjelltur både med og utan ski. Kaffi og sjokolade. Bålkveld saman med nye vener.

I år var det 31 foreldre og 7 søsken av årets elevar som fekk vere med på minifolkehøgskulen.