Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Den nye Acta-lederen har ordet.

Foto:

Kjære lesarar!
Som ny ACTA-leiar i regionen er tankane mange i forhold til visjonar for Møre og Romsdal. Eg har mange tankar om korleis ein best mogleg kan bygge opp under Normisjon sitt arbeid for barn og unge i fylket; eit tema som vil vere fast inventar i bønnelista mi så lenge eg er i dette arbeidet.

Korleis kan Acta virke i regionen?
Faktum er at det heldigvis vert gjort mykje bra arbeid for barn og unge i regionen allereie, i form av leirar, barneforeiningar, kor og større arrangement. Det er ei stor velsigning at det er så mange sterke aktørar på banen. Spørsmålet vert då: Korleis kan ACTA virke inn i regionen? Korleis kan ACTA bidra til å nå nye? Korleis skal vi legge opp vårt arbeid for å forsterke det kristne arbeidet i regionen? Her finst det ingen fasit, men prosessen er i gang og eg har stor tru på at Gud vil vise tenelege vegar for arbeidet.

Ta kontakt!
Eg vert veldig inspirert av å ringe rundt til dei ulike lokallaga vi har. Det vert drive mykje bra arbeid, og vi har mange fantastiske frivillige som har visjonar, mål og klare planar for sitt arbeid. Her har vi ei stor styrke, og det er gledeleg å høyre om kva de driv med rundt om i fylket. Det finst ikkje berre solskinshistorier i dei ulike lokallaga, men utfordringane dreier seg ofte om utanforliggande element, som lokale, samarbeidsavtalar også vidare. Om du føler du står aleine i utfordringar er eg tilgjengelig nesten når som helst. Husk at eg er her for dykk som driv arbeid for eller i samarbeid med ACTA og for dykk som ønskjer å starte opp arbeid. Ikkje nøl med å ta kontakt! Eg jobbar for dykk, ikkje omvendt.

Ein god visjon
Saman håpar eg vi kan jobbe for ACTA sin visjon, som eg har blitt raskt glad i løpet av mi korte fartstid i organisasjonen: «Vi vil se grensesprengende fellesskap hvor barn og unge møter, lærer å følge og ærer Jesus Kristus». Tygg gjerne litt på denne visjonen. Etter mi meining gjev den tydelige og gode rammer for kristent arbeid for barn og unge.

Eg ønskjer dykk alle Guds velsigning over arbeid og fritid!
Helsing Mattis