Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Opnar bruktgalleri i Aksdal

Det er frivillige personar i Tysvær som no går saman og startar bruktbutikk i kommunen.
Foto: Foto: Normisjon

Misjonsrørsla Normisjon har dei seinare åra starta sal av brukte varer under merkenamnet Galleri Normisjon. Salet skjer på nettet i samarbeid med Finn.no og gjennom eigne butikkar rundt om i Noreg. Butikkane blir drivne av frivillige og inntektene blir styrt rett inn i lokalt barne- og ungdomsarbeid og til internasjonalt arbeid for barn og unge.

I år går Galleri Normisjon mot ein omsetnad på totalt tre millionar kroner. Butikken på Aksdal blir den sjette av Galleri Normisjons butikkar. Frå før av har ein utsal på Askøy ved Bergen, i Sandnes, på Gjøvik, på Sørumsand og i Oslo.

Ordførar klypper snora
På Aksdal er det fleire frivillige som nå meiner Galleri Normisjon kan få eit sterkt fotfeste i lokalsamfunnet til glede for mange barn og unge. Onsdag 15.oktober klokka 11. blir det offisiell opning av Galleri Aksdal. Ordførar i Tysvær kommune, Harald Stakkestad ynskjer butikken velkommen til kommunen med å klyppe den raude snora. Etter opninga blir alle kundane invitert på fest med kaffi og kaker.

Born og sjuke
Normisjon er ei av dei største misjonsrørslene i Noreg. Internasjonalt har Normisjon arbeid i over 10 land i Afrika, Asia og Sør-Amerika. Normisjon vil at alle nye generasjonar og alle folkeslag i verda skal kjenne til kven Jesus er. Inntektene frå Galleri Aksdal vil være med å verkeleggjere den visjonen. Alle inntektene frå salet i butikken i Aksdal går uavkorta til å drive leirstad i Tysvær og til å hjelpe sjuke i Nepal.

Butikken på Aksdal leiger lokale på vel 100 m2 på Aksdal senter. Butikken skal ikkje selje klede, men elles det meste som kan finnast i ein gjenbruksbutikk.


Ta gjerne kontakt med oss:

Lokal butikksjef i Galleri Aksdal: Gunn Bjørg Slåtto, tlf 920 94 785
Dagleg leiar i Galleri Normisjon: Lillian Dombestein, tlf 92 453 492