Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ungdom – kultur - tru

Foto: Foto: Nordfjord folkehøgskule

Spørsmåla som blir reist og debattert er mellom anna: Kva vil det seie å vere ein kristen folkehøgskule? Kva gjer vi? Kva kommuniserer med ungdom? Kva er vårt særpreg, kva vil vi behalde og kva vil vi gjere annleis?

Resultatet av første del av prosjektet er kome i bokform. Boka heiter «Tro i praksis» og tek utgangspunkt i at eit skuleår på ein folkehøgskule på eit særleg vis fungerer som eit læringsfellesskap der også møtet med kristen tru vert ein viktig del av totallæringa.

Vi jobbar vidare med dette prosjektet på skulen, både blant elevar og personale. Prosjektet og temaet blir viktig gjennom heile skuleåret, og målet er at prosjektet kan hjelpe oss til stadig å møte elevane på ein god og respektfull måte.

Nettsida til folkehøgskulen: www.friluftslivskulen.no