Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Hausttenleir på Fjordly!

Foto: Foto: Acta Sogn og Fjordane

I nydeleg haustver var det i helga duka for tenleir på Fjordly. Med 40 energiske ungdomar var det duka for ein leir med mykje liv og røre. Temaet for leiren var G-mail, og vi snakka om bønn og kommunikasjon med ein Gud som lyttar og svarer. Vi skreiv B-logg (bønne logg) og merka oss mange bønnesvar i løpet av helga, til trass for at vi ikkje fekk 20 grader i Nordfjorden til å bade i ;)

Fredagskvelden arrangerte ungdommane ope møte i kyrkja på Totland. Her hadde vi lovsongsgruppe, pyntekomitee, tekstleserar, forbederar og bønnevandring. Ein flott kveld! Ungdomsprest Rune var med oss og fortalte om bønnesvar i sitt liv. Vi konkluderte med at vi i mange høver har ein svært konkret og humoristisk Gud!

Dagane inneheldt "invasjonsleik", bading, spel, bordtennis, biljard, nydelig mat, aktuelttime og mykje meir!

Takk for ein strålande leir folken! Vi gler oss allereie til neste leir!

Sjå biletserie her