Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Nye generasjonar

Familieleir på Fjordly er noko av det som viser at Normisjon har potensial til å nå nye generasjonar.
Foto: Acta Sogn og Fjordane

Eg har nett teke jegerprøva, og har lært at ein bærekraftig art har ein god balanse av unge og eldre dyr.
Om Normisjon hadde vore ein art ville den i mi jegerprøvebok blitt klassifisert som ein utdøande art. Kvifor? Jo, fordi det er skeivfordeling i arten, med stor overvekt av gamle.
Det er jo inga trøyst å vite at dette er trenden i store delar av landet. Vondt å høyre? Kanskje, men vi kan ikkje skubbe «slik det er» under teppet.

Likevel...
Eg vil i denne saka legge fram kvifor eg framleis meiner at Normisjon har gode tider føre seg og gje nokre eksempel på positive trekk hos oss her i regionen.

 Evangeliet om Jesu Kristi liv, død og oppstode er like klart og tydeleg som det alltid har vore. Misjonens Herre er ikkje i ferd med å kapitulere. Derfor gjer ikkje vi det heller!

Visjon eller tradisjon?
Å halde hjula i gong er ein utbreidd motivasjon mange stadar. Vi kan og må flytte fokus frå tradisjonsbasert til visjonsdrive. Å berre halde hjula i gong gjev mangelfult grunnlag for eit vitalt fellesskapsliv. Då vert det nesten forbode å slutte med noko og vanskeleg å starte noko nytt. Vi må flytte meir kraft frå å halde hjula i gang til å nå nye.

 Jesu visjon for kyrkja og misjon er ei formidabel drivkraft. Det vil målrette oss og gje meining til arbeidet. Kvifor gjer vi det vi gjer? Korleis gjer vi det? Dei spørsmåla er starten på vekst. Vi må prioritere tid til dei spørsmåla framover

Eg vil trekkje fram Måløy Normisjon som eit eksempel på ei foreining som har lykkast i å bli meir visjonsdrive i sitt arbeid. Dei har søkt samarbeid med andre gode krefter, fornya møtestil, har visjonar for å starte ungdomsarbeid, tilrettelagt for husgrupper og driv Alphakurs for å nå ut. I dag er Måløy den foreininga med størst nedslagsfelt blant unge barnefamiliar og vaksne. Det er oppdrift i det vitale miljøet. Alt som trengdest var ei gruppe folk som hadde visjon og tru for vidare arbeid.

Misjon i misjonsorganisasjonen
Lokal misjon og evangelisering må opp på dagsorden for alle foreiningar. Av ein eller annan grunn har misjonsorganisasjonen Normisjon ikkje heilt knekt koden på korleis drive lokal misjon. Ironisk? Mange foreiningar har i dag liten periferi. Det betyr at det stort sett er ei kjerne av nokre få kristne som rullerar på styreverva, organiserer og gjennomfører alle aktivitetane. For kven? For kvarandre. Fleire stadar er det faktisk slik at utsegnet: «der kom ho og, så då kan vi starte,» er meir vanleg enn uvanleg. Men eg vil meir enn antyde at Jesu kall til oss strekkjer seg utover etableringa av trygge lommer for kristne.

Misjon treng ikkje vere så direkte og pågåande som mange trur. Misjon handlar om å byggje gode bygder, i Jesu namn.
Hyen Normisjon startar ekteskapskurs denne hausten, for å nå ut til bygda si på ein positiv måte. Jo, så går det kanskje på bekostning av møteavvikling, men dei treffest likevel i bibelgruppa. Eg synest det er ein super måte å starte å byggje ein større periferi på. Korleis kan ditt fellesskap byggje relasjonar til dei utanfor fellesskapet?

Fellesskapsutvikling
Vi treng å starte nye fellesskap. Det er no samla to leiargrupper, ei på Sandane og ei på Eid av unge foreldre. Desse vil teikne ut korleis nye fellesskap som passar denne livsfasen kan sjå ut. Nye fellesskap vil bli født, som vil føre til nye barnelag og større leiroppslutning. Husgrupper er starta, og vi som region lagar allereie ressursar for desse gruppene og gjev utrustning.

Agenda 1
Vi startar eit læringsfellesskap for å sikre utvikling i våre foreiningar. Dette er ein gåvepakke! Det er kanskje talande at nokre foreiningar ikkje ser seg syne med å prioritere dette, men gledeleg at mange vil, for dette er vår viktigaste satsing framover. Vi har tru for dette. Stor tru.

Gud har framtid og von
Gud seier i Jeremia 29,11: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

 Livet i misjon har aldri vore enkelt. Det krev av oss. Men Gud har framtid for oss, også når situasjonen ser mørk ut.
Og så lenge vi har gode eldsjeler i sving, både i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, så er det sanneleg von for Normisjon Sogn og Fjordane. Vi står saman i bøn og arbeid, og vi heiar kvarandre fram mot eit felles mål: Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag.


Saka er henta frå Nytt frå Normisjon Sogn og Fjordane nr 5-14. 
Ønskjer du å abonnere på avisa vår? Avisa er gratis, men ein har moglegheit til å betale ein frivilleg abonnementspris. Avisa innheld både lokalt, nasjonalt og internasjonalt stoff. 
Kontaktinfo finn du her.