Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Noko nytt

Foto:

Gud er nyskapande!  Han skapte universet vi lever i. Han tenkte ut korleis sommarfuglane skulle sjå ut, og korleis familieforholda til gepardane skulle vere. Han rekna ut avstanden mellom sola og jorda og bestemte kor lange støttenner elefanten skulle få. Han fryda seg over alle fargane og formene menneska skulle få på hår og hud. Det var Han som kom på raudfargen, musikken og dansen.

Trur du Gud har stoppa å skape nye ting? Gud er den same frå æve til æve, ja, det er sant. Han forandrar seg ikkje. Men Han kan forandre alt anna enn seg sjølv!

«Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.» Jesaja 43, 19. Dette er det Gud som seier gjennom profeten Jesaja.

Gud skaper noko nytt i dag. Han kan ta eit steinhjarte ut av eit menneske, og erstatte det med eit kjøthjarte. Han kan legge ein ny song i munnen vår. Gud kan lækje fysisk sjukdom og indre sår. Gud kan fri oss frå mørke. Gud kan gje oss eit nytt liv.

Gud kan òg gje oss nye tips til korleis vi organiserer kristne fellesskap og korleis vi kan fortelje om Han til andre. Tradisjon er ein bra ting på mange måtar. Vi tar vare på kultur, songar og måtar å vere i lag på som har fungert. Det er trygt og godt. Gud kan bruke det. Men tradisjon er ikkje Guds einaste metode. Gud kan òg bruke nye idèar, nye songar og nye måtar å vere ilag på.

Vi skal ikkje ukritisk kaste oss over alt nytt. Vi skal teste om det er bra. Men vi skal vere opne for det nye, og spørje Gud: «Er dette deg, Gud? Kva gjer du no?»

Eg har veldig lyst til å vere med på det nye Gud gjer. Eg trur at Gud har noko nytt på gang i regionen vår, og eg gler meg til å sjå kva det er. Det eg er sikker på, er at når Gud har noko nytt på gang, så er det for at fleire skal få bli ein del av Hans familie.

Føbe Edvardsen sin barnesong seier det så bra, synest eg:
«Gud skaper alltid no` nytt.
Noe friskt, noe godt, heftig og morosamt.
Gud skaper alltid no` nytt.
Både inni meg og rundt meg vil Han skape no` nytt.
Gud er rik, kreativ, Han er sjenerøs.
Be om mer! Mer fra Ham!
Han gir alt nytt liv.»

Bli med på jakt etter det nye Gud gjer.
Lytt etter Guds kviskring til deg. Ber han deg om å gå inn i noko nytt? Det kan vere skummelt med nye ting, men det er spennande!