Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ytre-Hauge fekk Frivilligprisen

Jorunn og Reidar Ytre-Hauge fekk velfortent årets pris frå Nordfjord Prostiråd for sin eineståande innsats i frivillig arbeid gjennom mange år. Til venstre: Prost Rolf Scanke Eikum og bak står leiar i prostirådet, Roald Halsør.
Foto: Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Prisen vart delt ut under Kyrkjedag for Nordfjord i Eid kyrkjetun laurdag. Ved utdelinga la prost Rolf Schanke Eikum vekt på at dei to prisvinnarane har vore gode representantar for det frivillige arbeidet mellom barn og unge i ulike arbeidsgreiner i over 50 år, og dei har hatt eit aktivt engasjement i misjonsarbeidet og i soknerådsarbeidet i fleire tiår.

Prisen er eit måleri av Kjell Stig Amdam som heiter «Den gode hyrdingen».

– Gjennom dykkar arbeid har de vore med å peika på Jesus som den gode hyrdingen som har lova å vere med oss alle dagar. Frivilligprisen for 2014 går til to gode representantar som har vore med i det kristne arbeidet så lenge dei hugsar, og står framleis aktivt med i arbeidet, sa prosten. Og det er ein imponerande CV dei to kan skilte med i denne samanheng.

Jobba saman
Både Jorunn og Reidar vart med i søndagskulearbeidet alt tidleg i førskulealderen. Då dei kom opp i tenåra, vart dei med som medleiarar og seinare leiarar. Dei vart også med i yngres- og ungdomsarbeidet og fekk tidleg leiaransvar der, både i yngres, skulelag og klubbarbeid og var med som søndagskulelærarar også når dei tok vidare skulegong andre stadar. Då begge kom ut i arbeidslivet, var det naturleg for dei å halde fram som leiarar både i yngres- og søndagsskulearbeidet.

Jorunn er fødd og oppvaksen på Stårheim og var aktiv i søndags- skule og yngres der. Ho var lærar i Kjølsdalen i seks år og dreiv også der med barne- og ungdomsarbeid.

 I 1975 vart prisvinnarane gifte, og dei flytte saman til hans heimbygd Berle i Bremanger. Jorunn var ekstra flink til å spele og synge, og vart ei ekstra god hjelp i søndagsskulearbeidet Reidar hadde drive og i yngres-arbeidet som han hadde starta opp med der i 1971.

Driv framleis hobbyklubben
Ein gjekk etter ei tid over til å kalle yngresarbeidet for hobbyklubben. Då søndagsskulen vart lagt ned i 1990, vart dei minste borna også inkludert i hobbyklubben. Då vart òg foreldra inkluderte, slik at dei kjem med barna og kjem attende til kaffi + mat når dei skal hente barna. Det siste åra har det vore omtrent 100% frammøte. På hobbyklubben lagar dei julekort og julegåver som dei sender til Misjon utan grenser. I tillegg har dei ei årleg utlodding til støtte for Fjordly ungdomssenter. Til saman har Jorunn og Reidar drive dette yngresarbeidet/Hobbyklubben i 43 år, og dei driv framleis på, kunne prosten fortelje.

Reidar og Jorunn har drive som leiarar i ulike søndagsskular der dei har vore busette i 25 år.

Jorunn har vore med på å starte opp misjonsforeining som har halde på i om lag 30 år og har vore sekretær der i 24 år.

Kyrkjeforeininga i bygda var ho aktiv med i 30 år, 13 av desse som leiar. Jorunn har starta songkor og familiekor som ho har leia i om lag 10 år.

Aktiv i soknerådet
Reidar vart leiar i byggjenemnda for ny kyrkje, og vart også dugnadsleiar for kyrkja. Og då heim plassen vart eige sokn, vart han innvald i det nye soknerådet og han vart den første leiaren i soknerådet i 1977.

Prosten fortalde i sitt føredrag at det opp gjennom åra har det vore slik at når mannen gjekk ut av soknerådet, så vart kona valt inn. Reidar har vore leiar i sju år, ho i fire år, dei andre åra med ulike tillitsverv i soknerådet.

Jorunn har også vore frivillig klokkar og tekstlesar i 15 år, og dei står framleis på både i soknerådet og i frivillig arbeid.

I 2011 fekk prisvinnarane Bremanger kommune sin kulturpris for arbeidet i Hobbyklubben gjennom 40 år.