Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Takk for innsatsen!

Stangvik jentekor med dirigent Bernt G. Bøe
Foto: Foto: Elisabeth Østergaard

Tida for basarar og julemesser er i gang. Den første eg var med på, var i Surnadal, der Eidet bedehus var fylt opp med stor og liten. Stangvik jentekor var med og song og forkynte gjennom pantomime, og Liv Johanne Opstad viste film frå India, las dikt og fortalte Leo Tolstoi si historie om den gamle skomakaren som gjekk ein heil dag og venta på å få besøk av Jesus.


Ein stor innsats ligg bak bordet med salgsvarer. Foto: Elisabeth Østergaard

Det vart ein god kveld med mange inntrykk, god mat og mykje prat rundt borda. Og spenninga var ikkje til å ta feil av under dei forskjellige trekkingane som vart arrangert. Ein stor innsats var lagt ned av dei som sto for arrangementet, og dei mange som i lang tid i førevegen hadde laga varer som vart selde. Vi i Normisjon er heilt avhengig av at lokale fellesskap lagar innsamlingar, for å kunne drive arbeidet ute og heime. Og vi takkar for innsatsen som vart gjort i Surnadal, og også rundt i andre bygder og stader akkurat no.