Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Andakter

Ka du tru?!


Og denne veka var avisa igjen ute med tru som tema. Dei hadde intervjua Martin Ødegaard om hans kristne tru. Martin gjekk ut av ungdomsskulen i sommar. Han har sett fire rekordar sidan april! (Yngste spelar i Tippeligaen, yngste målscorar i Tippeligaen, yngste landslagsspelar for Norge og yngste EM-kvalifiseringskamp-spelar)

Han står fram som ein kristen og seier at trua hans er viktig. Ka du tru!? Det er faktisk viktig å tenkje gjennom kva ein trur! For alle saman trur. På ein eller annan måte. Og ikkje all tru er like mykje verdt. Det er faktisk heilt sant. Eg trudde for eksempel eg skulle få ei bøtte med iskaldt vatn i hovudet i går, for det var eit kjedebrev på facebook eg ikkje sendte vidare. Men det viste seg å ikkje stemme. Så det var dårlig tru. Og så trudde eg internett skulle virke i dag – og det viste seg å stemme. Det var god tru.

Det handlar ikkje nødvendigvis om det som skal skje – men om truverdet til den som har sagt det. Eg trur på banken når dei seier at dei skal passe på pengane mine. For dei har vist seg å vere truverdige. Og eg trur på mesteparten av det som i avisa, for dei har vist seg å vere truverdige, men eg veit at dei iblant kan vinkle ting skeivt.

Så må eg då velje å tru? Nei, tru og tillit er ikkje noko som eg kan bestemme meg for. Det er banken som har vist seg til å vere å stole på. Det er avisa som stort sett treff, men som iblant bommar. Det er ikkje mi forteneste. Men eg må lese og oppleve avisa. Eg må ha kontakt med banken og mekre at dei faktisk tek vare på pengane mine. Eller høyre med andre – kva opplevingar har dei?

Slik er det med trua på Jesus også! Den må prøvast, testast og snakkast om – held det mål? For i det heile tatt kunne seie noko om eg trur på Jesus, så må eg jo sjekke det ut. Er han til å stole på? Er dei som snakkar om han fornuftige menneske? 

Normisjon gjer mykje forskjellig, men det viktigaste er å fortelje om Jesus. Om det han har gjort. At han er truverdig. At han har gitt oss mange løfter og at dei er til å tru på. 
Han har ikkje lova oss eit liv utan motgang, men at han vil vere med oss, uansett kva vi møter på. Han har lova oss eit evig liv – som begynner i dag. Han har lova oss rettferd for det urettferdige, bønesvar på bønerop. Han har gitt oss mange gåver – og vi treng visdom til å oppdage dei og bruke dei rett.