Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Spennande leiarstillingar i Normisjon

Frå Familieleir sommaren 2014.
Foto: Acta Sogn og Fjordane

Normisjon region Sogn og Fjordane er ein aktiv Normisjons-region. Vi har to leirstadar, retreatsenter, hotell, to folkehøgskular og to barnehagar. Acta – barn og unge i Normisjon har ca 20 leirar med omtrent 500 barn og unge på leir i løpet av året. Så her er rikelig med spennande og givande arbeidsoppgåver!

Det er tilsett eigen fellesskapsutvikar og Acta har starta eit spennande leiartreningsprogram . Vi jobbar med PR/marknadsføring, fellesskapsplanting og fokus på misjon.

Normisjon søkjer etter 2-3 personar til leiarstillingar knytt til regionleiar, administrasjonsleiar og acta-leiar. Utgangspunktet er 1,5 stillingar, men mogeleg for utviding.

Vi vil gjerne kome i kontakt med deg som likar og har utrustning for nokre av desse arbeidsoppgåvene:

  • Dagleg leiing og personalleiing
  • Forkynning og undervisning – for vaksne og/eller barn og ungdom
  • Strategisk leiing, misjonsstrategi
  • Fortruleg med endringsprosessar
  • Administrasjon og økonomisk styring. Innsamling av midlar.
  • Arrangementsplanlegging – og gjennomføring: Møte, basarar, julemesser, mm.
  • Barne – og ungdomsarbeid: leirar, leiartrening, oppfølging av lokallag
  • Evne til å koordinere arbeidet i regionen
  • Arbeid med frivillige
  • Være organisasjonen sin representant utad
  • Mediearbeid (regionavis, PR, brosjyreproduksjon, mm)

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning med teologi, økonomi eller pedagogikk i fagkretsen.
  • Team- og samarbeidsorientert
  • Formidlingsevne
  • Fleksibel og initiativrik
  • Lar deg leie av Gud – og har Jesus i hjerta
  • Evne til å ha fleire ballar i lufta samstundes

Løn etter Normisjon sitt regulativ. Søkjarar må identifisere seg med og jobbe for Normisjon sitt grunnlag og verdiar. Tilsetting etter avtale (mest aktuelt:  oppstart sommaren 2015). Administrasjonsstad er Sandane.

Ta kontakt med regionleiar Jan Magne Moi (92031077  jan.magne.moi@normisjon.no) eller Acta- og administrasjonsleiar Marius Økland (92046349 / marius.okland@normisjon.no) for meir informasjon og søknad.

Send søknad og CV innan 5. januar 2015 til jmmoi@normisjon.no