Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Viktige førjulsmesser

Foto: Foto: Ingebjørg Isane Fure

Julemessebasaren i Selje var første messa. Marte-Iren Lade frå Fjordly heldt andakt. Trufaste og engasjerte misjonsvener hadde selt lodd på butikkane i lang tid på førehand, og det var mange som kjøpte. På basaren kom det inn ca 30.000 til fordeling mellom Acta og Fjordly.

Stadt
På Stadt var Morten Leirgul utsending frå regionen, og det går gjætord om parkeringsproblem på Stadlandet. Stadtsarane stilte mannsterke på julemessa og det viser også igjen i kassa; kr 72.000 før utgifter er trekt frå. Gospelkoret på Stadt fylte bedehuset med flott song. 

Olden
Jan Magne Moi talte i Olden og Olden Soul Children song. Dei hadde amerikansk auksjon i tillegg til vanleg åresal og lot- teri. Her kom det inn kr 61.866.

Sandane
På Sandane song Sandane Soul Children og Kirsti Bjotveit held andakt. Oppmøtet var litt mindre enn i fjor, men resultatet var likevel betre; kr 73.250.
Takk til alle som på ein eller annan måte er involvert!