Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Galleri Normisjon set ny rekord

Aase Holmedal t.v og Borghild Stagrim
Foto: Foto: Lillian Dombestein

Galleri Normisjon har butikkar i Oslo, Bergen, Sandnes, Aksdal, Gjøvik og Sørumsand. Den største veksten i omsetninga har vore i Sandnes. Etter at butikken flytta til nye lokale auka omsetnaden med fem tusen kronar i veka. Butikken i Oslo har den beste omsetnaden. Dei frivillige medarbeidarane i Tullinsgate 6 i Oslo har i år seld brukte varar for over ein million kroner.

- Dette er stort! I tøffe økonomiske tider for Normisjon er Galleri Normisjon ein nyvinning i vekst og utvikling med piler som peikar oppover på alle vis, seier dagleg leier Lillian Dombestein.

Stort potensiale
Galleri Normisjon opplever at fleire og fleire kundar er merksame på det store utvalet av brukte møblar, filmar, bøker og mykje anna.

- Butikkane blir stadig betre kjent. Det fortel oss at vi gjer ein god jobb og at potensialet er stort – og det fortel oss også at folk blir stadig flinkare til å handle brukt, seier Dombestein.

Pyntar til jul
I haust har Galleri Normisjon opna ny butikk på Aksdal i Rogaland og flytta butikklokalet i Gjøvik til eit betre lokale. Det har gitt gode resultat.

I desember har alle butikkane til Galleri Normisjon satsa på eigne juleutstillingar. Overskotet frå butikkane blir fordelt mellom internasjonalt hjelpearbeid i regi av Normisjon og et arbeid som ynskjer at born og unge skal bli kjend med Jesus.


Stephanie i Galleri Normisjon Aksdal pynter til jul. NB! Legg merke til den gamle radioen frå 1920- talet i bakgrunnen: Slik har dei i «Downton Abbey». Foto: Lillian Dombestein