Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Gåtegjetting, latter og ein trufast Gud på julefest

Foto: Foto: Arnt Stene

På Grøtte bedehus i Meldal i Trøndelag var det tradisjonell julefest i romjula arrangert av Meldal Normisjons og Lysglimt (NMS).

Visse element er sjølvsagde ved slike arrangement, julesongar, juletregong, eit godt og rikhaldig matbord, det blir ikkje fest utan det. Jostein Landrø heldt andakt over Jesu ord: «Lat ikkje hjarto dykkar uroast, tru på Gud og tru på meg!». Han teikna eit bilete av ein Gud til å stole på. Ord til å kvile i for den som trur.

Spelte trekkspel
Eit stort antall utøvarar underheldt gjennom kvelden med ulike musikalske innslag, alle introdusert for eit talrikt publikum av Arnt Bjørkhaug som leia festen på sin særmerkte, ledige måte. Her skal særleg nemnast Karen Rye og Karen Sofie Stene som song. 


Thomas Monrad Erlandsen som spelte trekkspel for ei fjetra forsamling.

Mellomjula er tida for leik og moro. Det viste seg at gåtegjetting var ei fin avveksling for julesløve hjernar og folk viste eit imponerande engasjement for å finne løysing på til dels intrikate ord-rebusar. Ei gruppe med tyngdepunkt frå Loesgrenda vart kåra som vinnar etter loddtrekning mellom to med lik poengsum.

Heilt konge!
Til bolken med leik og moro høyrer nok også det humoristiske julespelet som handla om dei tre vise menn og deira ferd til Betlehem for å tilbe Jesus, som dei første heidningar. Spelet hadde lånt element frå både «The julekalender» og Prøysen og kalla fram mang ein god lått. Vaksne, kjente aktørar i rollene gjorde sitt til dette, riktig gode var dei, og Herodes var heilt konge!

Stor takk til alle medverkande og særleg til dei meir enn 70 festdeltakarane. Vårt håp og tru er at dei mange som sklei seg heim på glatta frå bedehuset denne femtedagskvelden hadde hatt tre gode og artige timar, eit av julas høgdepunkt og eit lysglimt midt i den mørkaste tida.