Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Agenda 1 i gang

Foto:

Sogn og Fjordane satsar på fellesskapsutvikling, det er det ingen tvil om. Difor har vi starta Agenda1, eit læringsfellesskap for foreiningar som ønskjer å arbeide målretta med disippelgjering, misjon og leiarutvikling.

Lærerikt og inspirerande
Anne Kristin og Steve Bruns frå IMI-kirken gav oss mykje i løpet av helga: «Vi må snakke opp kjøkenbordet som arena for disippelgjering,» sa Anne Kristin og inspirerte oss til å tenkje og
handle breiare og meir heilskapleg som kristne og som fellesskap.

Lovsong og bøna gav oss ein god start på kvar dag der dei seks teama fekk arbeide med utviklinga av sitt fellesskap imellom undervisninga. Det vi jobba med, presenterte vi for kvarandre undervegs, gode idéar og inspirasjon gjekk frå team til team.

Laurdagskvelden vart brukt til tilbeding og takk til Jesus som er trufast og som på ny kallar oss til teneste. Mange fekk ei berøring av Herren.

Kva kan vi gjere hos oss?
Helga avslutta med at kvart team laga ein handlingsplan for det komande semesteret. Fantastisk oppdrift og stor tru i rommet under presentasjonen av desse.
Vi i regionen prioriterer oppfølginga av desse fellesskapa høgt. Ver med å be for Måløy, Førde, Florø, Eid, Stadlandet og Ytre Stadt. Gud er på gang med noko stort!