Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Asylant vil gjere ein forskjell med livet sitt

Joseph Jr. Murhesa
Foto: Privat

Joseph Jr. Murhesa kom tidleg hausten 2014 og spurte om han kunne få lov til å vere elev ved Sunnfjord folkehøgskule. Han hadde gjennom venner høyrt kor godt det var å gå på folkehøgskule, og han hadde som asylsøkjar i Førde lite å fylle dagane sine med. Han var tydeleg på at han hadde lite pengar til å betale for seg på skulen. Det han fekk på mottaket brukte han på å hjelpe familien i Uganda.

Ei stemme for dei sårbare
 Sunnfjord folkehøgskule såg fort at Joseph var ein gut med ei fantastisk innstilling og ein gut som ville gjere ein forskjell med livet sitt. Joseph går no på fotolinja ved Sunnfjord folkehøgskule og får hjelp til skulegangen sin frå personar i kyrkjelyden i Førde. Joseph ser seg sjølv som ei stemme for dei sårbare menneska i Øst-Kongo og verda, som lever i ekstrem fattigdom og utryggleik. Hans oppfatning er at utdanning er avgjerande for å bryte den vonde sirkelen av fattigdom og håpløyse rundt om i verda. Dersom vi kan tillate oss å drøyme og å handle, kan det hjelpe oss til å skape ei betre framtid.

Har fått opphald
Dagen før veslejulaftan 2014 fekk Joseph telefon frå UDI om at han hadde fått opphald i Norge. Joseph ønskjer å bli i Førde og arbeide til beste for andre menneske.