Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Julefeiring på Misjonsheimen

To av deltakarane spela gitar under julefeiringa.
Foto: Foto: Anna Marie V. Skogli

    - Vi hadde ei fin julefeiring på Misjonsheimen også dette året. Marta Fimreite og Aase Brekke leia det heile på ein flott måte.

To av deltakarane hadde med gitarane sine, og spela både til allsongen og dei spela musikkstykke. Ein av dei song også nokre solonummer.

Eine kvelden hadde vi besøk av Jakob R. Aaberg, som viste fine naturbilete og ein kveld var Jan Gudmund Skrivervik her og song, spela og forkynte. Deltakarane var ei fin blanding av personar som er her nesten kvar jul, somme som har vore her ein eller nokre få gongar før, og også ein del nye. Dei gav uttrykk for at dei hadde hatt  fine dagar.

 Det hadde vore plass til fleire, men ein fin flokk på 27 deltakarar kom. Vi håpar det gjev meirsmak!


Jan Gudmund Skrivervik.