Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Andakter

Grunn til glede


Har vi blanda røystene våre i lovsongen frå himmelhæren på Betlehemsmarkene? Er det lovsong i kvardagen over Jesu kome og frelse i våre liv- ja over alle Guds gåver ?

Og «Gløym ikkje alle hans velgjerningar» - (Salme 103) alle bønesvar - alle velsigningar i livet  - alle gledestunder over Fars kjærleik!

Ein kveld no nyleg høyrde eg ein fugl kvitre og synge i «vill den sky» ute, endå haustmørkret hadde falle på… Ei uvanleg oppleving.

Jau, visst er det mykje som kan minne om at mørker og skodde har lagt seg over det vakre landet vi fekk i gåve,- kanskje tidt og ofte i kvardagen med. Men la oss ikkje gløyme i all vår speiding etter løysingar og lys over mangt og mykje, at Frelsaren er komen, han som har all makt, Han som sa at «Det er fullført!» Vidare sa han: «Sjå, eg er med dykk alle dagar».

Herren er, og Han sa om seg sjølv:
«Eg er ljoset for verda», og «Eg er livsens brød»,

Ja, vi skal få vere så trygge i Guds kjærleik i Jesus, der han gav seg sjølv for oss, som veslejenta på knapt tre år: Ho var med fram til nattverden i kyrkja, der det denne søndagen var «dypping». Presten spurde, som han skal, om barnet skal få nattverden. «Ja, det går sikkert fint», sa farmor. Og jenta fekk oblaten, og dyppa i stor tillit ikkje berre den, men òg mykje av fingrane i vinen. Ho tok imot i glede og tillit! Då stig lovsongen: Han er komen for at vi skal ha liv og overflod !
«så ofte som - så gjer det til minne om meg – «

For der i nattverden gjev Jesus seg sjølv til oss, kvar gong, så ofte som vi et brødet og drikk vinen - Tenk, vi får bli ein del av Jesus! Så stor hugnad, glede, har Gud i oss. Ære være Gud i det høgste! Kan vi anna enn synge og lovprise han?

 På Bibelens siste blad har vi desse orda frå Jesus gjennom Johannes på Patmos:
«Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» For ein morgon det skal bli!

Og for ein song det skal bli ! La oss vere opptekne med himmelteikna, for ein dag står den klåre morgonstjerna der! Og då kan vi juble i evig glede: «Amen, kom Herre Jesus!» Opb.22,20.