Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Har spreidd glede i ti år!

Sandane Soul Children under jubileumskonserten i desember. Per Ståle og Magnhild Husevåg står på kvar si side av koret.
Foto: Edvin Hugvik

Andre søndag i advent var det duka for jubileum for Sandane Soul Children. Koret feira seg sjølv med konsert i Vereide Kyrkje, samt festmiddag og ekte Soul Children-party på Nordfjord folkehøgskule. Koret som er under leiing av ekteparet Magnhild og Per Ståle Husevåg, har i dag rundt 30 medlemmar i alderen ti til 15 år.

For ti år sidan dirigerte Magnhild Sandane Familiekor. Soul Children vart starta då Magnhild såg at dei eldste borna i familiekoret trong noko nytt og eige. Ti år seinare er koret «still going strong»!

Konseptet
Visjonen til Soul Children er å vinne og bevare unge for evangeliet gjennom song og musikk dei kjenner seg igjen i! I mars 2001 starta Ragnhild Hiis Ånestad barne- og tenåringskoret Oslo Soul Children. Dette er eit kor for songarar i alderen ti til 16 år, som syng musikk i stilartane gospel, rock, pop, soul og R`n B. Etter kvart utvikla dette seg til eit korkonsept, som resulterte i ei stor korrørsle. Rørsla har no 90 lokale kor i Noreg, samt kor i USA, Japan, Indonesia, India, Bangladesh, Danmark, Ecuador, Spania med fleire.

Soul Children har også eit eige misjonsprosjekt som heiter Soul Mate. I november vart Sandane SC kåra til månadens Soul Mate-kor!

Tilhøyrsle og fellesskap
Målet til Magnhild Husevåg i 2004 var å skape eit tilbod og eit miljø som gav tilhøyrsle og kristent fellesskap for eigne og andre sine born. Resultatet vart Sandane Soul Children, eit kor som ikkje berre er eit kor. Kormedlemane fortel om korfestivalturar til Oslo, filmkveldar heime i stova til Husevåg, aktivitetskveldar i gymsalen på folkehøgskulen, korøvingar, framføringar, andakter, samtaler og bønefellesskap. Koret formidlar evangeliet til andre med songen, musikken og dansen, men opplever òg eit godt fellesskap sjølve innad i koret.

Musikken har ein tydeleg bodskap, og samtidig ber den preg av rytmar og musikalsk uttrykk som dei unge kjenner seg att i. Magnhild og Per Ståle ser på det som positivt at det ligg i konseptet at kvaliteten skal vere bra. Det er musikk som fengjer, og medlemane identifiserer seg med konseptet og musikken. Det er eit konsept som gjev meistringskjensle, og samtidig har det viktigaste målet; å vinne og bevare unge for Jesus!

Velsigning og forplikting
Om lagsarbeid uttrykker ekteparet Husevåg at
   - det å drive lagsarbeid er velsigning og forplikting hand i hand. 
   - Det er kjekt å vere nær arbeidet, få sjå fruktene av det, og det å kjenne gleda over å sjå «resultat» av arbeidet i samhandling, samtaler og bønesamlingar. Samtidig får ein sjølvsagt kveldar i løpet av ti år der ein kjenner at ein er «lei» eller ikkje har overskot, men når kvelden er over sit vi alltid att med ei kjensle av at arbeidet er verdifullt. Vi går aldri motlause heim frå samling! Utfordringa med å drive lagsarbeid har for oss vore å lære å «dele på byrdene», det er så lett å tenkje at alle andre har det så travelt, og så gløymer ein litt å spørje. Vi kan nok bli betre på det, både vi og andre som driv liknande arbeid, for det er så kjekt når vi samlast og bidreg kvart med vårt og våre evner.

Overrasking
Jubileumskonserten i Vereide kyrkje 7. desember var ei flott oppleving, koret gav alt og publikum var begeistra. I høve jubileet hadde foreldregjengen i koret tromma saman til fest etter konserten. Her hadde dei program med mellom anna eige foreldrekor, samt at dei hadde henta inn som ei overrasking Eva Rotheim, Soul Children-konsulent frå Acta sentralt. Det vart videohelsing frå Ragnhild Hiis Ånestad, Oslo Soul Children og frå Walt Whitman som er Soul Children-gründer frå Chicago i USA. Eit minnerikt jubileum på alle måtar.


Foto: Edvin Hugvik. Sjå òg foto her.


Lagsarbeid i Sogn og Fjordane
Acta barn og unge i Sogn og Fjordane har per i dag fire Soul Children-kor, samt 22 andre aktive barnelag. Størrelsen på laga varierer sjølvsagt, men felles for dei alle er målet om å formidle Jesus til born og unge i fylket vårt. Ved sida av leirarbeidet er dette det viktigaste arbeidet vi gjer for borna. Det handlar om å skape lokale fellesskap der born og unge får dele interesser, høyre om Jesus, og vere saman med han på sin heimplass med trygge vaksne leiarar.

Så ei oppmoding til slutt: Har du lyst å starte eige lokallag? Eller kanskje ta del i arbeid som allereie er starta opp? Ta kontakt, vi på regionskontoret for Acta/Normisjon Sogn og Fjordane hjelper gjerne til. Eldsjelene rundt oss er viktige i arbeidet med å vinne og bevare unge for og i Jesus Kristus!