Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarjobb i Acta

Foto:

Arbeidsoppgåver er rekruttering av leiarar og deltakarar, planlegge og gjennomføre leirar og sørgje for trivsel og tryggleik.

Du er helst over 18 år, har vore på leir før, har gjerne leiarkurs, bibelskule eller anna, men viktigast er personlege eigenskapar og at du deler vår visjon! Vi drøymer nemleg om ein sommar der barn og unge får møte, følgje og ære Jesus Kristus!

Leirsesongen er mellom 12. juni og 27. juli. Det blir venta at team‐medlemmene er med på flesteparten av leirane. Teamet er med på leirar både på Fjordly og Teigen, og reiser saman på generalforsamlinga til Normisjon som er i Grimstad.

Du får lønn, innføringskurs, opplæring i førstehjelp og brannvern, og kanskje viktigast; store leiropplevingar saman med barn og unge!

Sommarteamet er forplikta på Normisjon sitt verdidokument og ein må kunne vise politiattest av nyare dato).

For meir informasjon og søknad ta kontakt med Acta-leiar Marius Økland på 92 04 63 49 / marius.okland@normisjon.no, eller Stine Hopland på 48 99 23 42 / stine.hopland@normisjon.no

Søknadsfrist er 20. mars. Melding om tilsetting før påske.