Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Generasjonsskifte i indianarkirka

Pastor Antonio ber for det nye styret. Adela Guaman, president og Belsario som visepresident.
Foto: Foto: Åse Røsvik

Pastor Antonio Mizhirumbay hadde fylt 76 år då han like før jul vart pensjonist. Tayta Antonio har i mange år snakka om å få dei unge med i leiinga i kirkene. Og det var eit ungt styre han fekk lov til å velsigne då det vart halde generalforsamling i den nasjonale kyrkja . Belsario Mizhirumbay, nest yngste sonen hans, vart valgt som ny visepresident.

Kvinne ved roret
Adela Guaman fortsetter som president i ein ny 5-årsperiode. Med seg i styret har ho no fleire unge. Lokalkyrkjene var representert med yngre leiarar på generalforsamlinga i år. Adela informerte om eit aktivt år, med overføring av eit par eigendomar til den nasjonale kyrkja og planar om bygging av ny kyrkje i Cuenca. Nye prosjekt kunne ho også fortelle om. IELIE har denne hausten hatt kontakt med representantar for Det lutherske verdensråd, og håpa på støtte til eit hybelbygg for universitetsstudentar og bygging av lokalkyrkjer. Etterkvart lover Adela at dei konktrete prosjekta skal vera klare for formelle søknadar.


Ei god blanding av eldre og yngre leiarar var samla til generalforsamling i indianarkyrkja

Pastorrådet
Pastorrådet har også vore aktivt siste året. Felipe Guaman har vore leiar og samla pastorer og eldste til månadlege møter, der dei har konsentrert seg om gjennomgang av liturgier med sikte på felles praksis i gudstenester, dåp, nattverd, bryllup og begravelse.

På mange måter er Felipe ein nøkkelperson i kyrkja, og det lover han at han skal fortsette å vera, sjølv om han bad seg fri frå å leie rådet i fortsettinga. Han fungerer i praksis som pastor i Gualaceo, og har saman med familien også gått inn i pastorfunksjon for ein menighet som er gjenåpna i Tambo. Slik vart det fordi han i eitt år gjennomført disippelkurs for medlemane der, og då dei ønska å starte opp igjen med gudstjenestlege samlingar på søndags kveld, syntest Felipe det vart overkomeleg å ta eit ekstra ansvar. Ekstra kjekt når også familien hans er med,syns han, for ellers er det mykje reising og lite familietid !

Velsigning
Til slutt vart det gjennomført valg av styre og ansvarlege for ulike komitear som pastorråd,ungdomsarbeid, kvinnearbeid, internasjonal kontakt (!). Det var mange som gjekk inn i teneste ! For dei fleste er dette nye oppgåver, der dei vil trenge oppmuntring og forbøn. Og sjølvsagt vart Tayta Antonio bedt om å gjennomføre innsetting og velsigning av dei nyvalgte.