Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Stilling: Regionleiar/ adm.leiar i Sogn og Fjordane

Trivselsfylket Sogn og Fjordane
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Regionen opplever for tida vekst i arbeidet, både på dei to leirstadane våre, i arbeidet med å plante nye fellesskap for unge vaksne og i Acta-arbeidet.

Normisjon region Sogn og Fjordane er ein aktiv region med to leirstadar, retreatsenter, hotell, to folkehøgskular og to barnehagar. Acta – barn og unge i Normisjon, har ca 20 leirar  med omtrent 500 barn og unge på leir i løpet av året. Meir info på www.normisjon.no/sof

Det er tilsett fellesskapsutviklar og Acta har starta eit spennande leiartreningsprogram. Vi jobbar med PR/marknadsføring, fellesskapsplanting og fokus på misjon.

Vi treng ein som kan ha:

  • Overordna ansvar for økonomi og dagleg administrasjon (krev datakunnskap)
  • Kontakt med institusjonane våre
  • Kontakt med misjonsfolket i foreining, forsamling etc
  • Profilere misjonsarbeidet

Kvalifikasjonar:

  • Gjerne høgare utdanning med teologi, økonomi eller pedagogikk i fagkretsen
  • God datakunnskap
  • Team og samarbeidsorientert
  • God formidlingsevne

Løn etter Normisjon sitt regulativ. Søkjarar må kunna identifisere seg med og aktivt fremje Normisjon sitt grunnlag og verdiar. Tilsetting etter avtale (mest aktuelt frå sommaren). Kontor på Sandane.

Ta kontakt med regionleiar Jan Magne Moi (92031077, jan.magne.moi@normisjon.no) eller administrasjonsleiar Marius Økland (92046349, marius.okland@normisjon.no) for meir informasjon og søknad.

Send søknad og CV innan 21.mars til jan.magne.moi@normisjon.no