Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Tweensleir på Fjordly

Foto: Foto: Acta Sogn og Fjordane

"Guds reflex" var temaet for årets første tweensleir på Fjordly. Vi hadde undervisning om korleis vi kan reflektere Gud, og om viktigheten av å vere synlege refleksar. Tenk at Gud hadde tenkt på det heilt i frå skapelsen av! Vi, menneska, er skapt i hans bilde. Og eit bilde er noko vi brukar for å vise andre kva vi har sett eller gjort, det skal reflektere noko anna! Og slik er eg, og du. Vi er skapt i Guds bilde, og skal reflektere kven Gud er og kva han har gjort!

Har du nokon gang stått framfor eit speil eller eit vindu som sola skin på og blitt blenda av lyset? Akkurat slik skal vi få lov å reflektere Gud. Som at eg og du er speilet, og Gud er sola. Så kan lyset fra Gud skine på andre via meg og deg! Kor kult er ikkje det?

I tillegg til undervisninga hadde vi interessegrupper med sang, dans, hobby, underholdning og uteaktivitet. Musikkgruppa laga til og med ein ny leirsong, med ny både tekst og meldodi! Vi hadde også refleksløp i skogen, spelte spel, leika bøtteballett, hadde turneringar, åt god mat og mykje mykje meir!

Vi gler oss allereie til neste leir! Og mens vi ventar på den kan du kose deg med teksten på den nye leirsangen og nokre bilde fra vinterleiren!

Sjå leirsongen og fleire foto her.