Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Første fest hos Galleri Normisjon Aksdal

En fin gjeng frivillige medarbeidarar i Galleri Normisjon Aksdal.
Foto: Lillian Dombestein

Sist i februar var det tid for å invitere dei frivillige i Galleri Normisjon Aksdal til fest. Sjølvskutt hjort var tilberedt til hjortegryte for dei vel 30 frivillige som hadde takka ja. Butikken held til på Aksdal senter i Tysvær kommune, men festen var på Stemnestaden leirstad like ved. Ein del av overskotet i butikken går til drift av leirstaden. Denne kvelden hadde Stemnestaden dekka festbord for dei frivillige. Styringsgruppa i butikken arrangerte festen og hadde henta inn song- og musikk-krefter. Dei hadde også evna å ta stemninga i butikken på kornet med standup-komedie som vekte gjenkjenning og framkalte smil og latter. Tidlegare Nepal-misjonær for Normisjon, Ingunn Moi, viste bilder og fortalte om arbeidet ved Okhaldhunga sjukehus i Nepal som også blir støtta av overskotet frå Galleri Normisjon Aksdal. Butikken i Tysvær kommune opna 15.oktober 2014. 

Galleri Normisjon Aksdal har ope for publikum onsdag - fredag 11.00-17.00 og laurdag 11.00-15.00. 

Se bilder fra festen i bildegalleriet under.