Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ungdommar tek ansvar

Styret i Førde Normisjon er ei fin blanding av vaksne og ungdommar: F.v. Liv Årdalsbakke Bruland, Hanne Sofie Sæterlid, Elida Østergaard og Karl Øystein Haug.
Foto:

Ei ungdomsgruppe har pussa opp lokala i bedehuskjellaren der dei har eigne samlingar. Det nye er at dei no også tek delansvar for eigarorganisasjonen Førde Normisjon. Tre ungdommar stilte til val på årsmøtet 8. februar. To av dei vart valde inn i styret medan ein tredje enda som første varamann.

Styret
Det nye styret har slik samansetjing: Karl Øystein Haug, Liv Å. Bruland, Hanne Sofie Sæterlid og Elida Østergaard, og med vararepresentantane Anders Bruland, Berit Fidjestøl og Sigbjørn Tonheim.

Realisere visjonen
Styret la fram ei fyldig årsmelding som viste omfattande aktivitet i foreininga. Det presenterte vårprogrammet set søkelyset på å realisere visjonen til foreininga. Visjonen lyder slik: Førde Normisjon skal vere eit levande og veksande fellesskap som tilber Gud, vitnar om Jesus og tener medmenneske.