Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Kvinnehelg på Stemnestaden

Sterkt vitnemål frå ei av deltakarane, som fram til i fjor kalla seg ateist. Ho møtte Jesus gjennom Alpha-kurs for eit år sidan og har opplevd eit nytt liv saman med Han. Her blir ho intervjua av Ingunn Moi.
Foto: Aud V Hoftun

Tema for helga var «Møte med kvinner i Bibelen – frigjort… til kva?»

Ved hjelp av drama og gjennom livsnær og inspirerande forkynning ved Anne Birgitta Langmoen Kvelland fekk me møta 3 spennande personar: Hagar, Maria og den samaritanske kvinna.  

«Reis deg, kvinne! Stå med rak rygg i ly av korset! Gi med frimod vidare det du har fått!»

Dette er noko av det som sit att frå helga. Me blei også sterkt oppmuntra til å vera trufaste i bønn.

Mange takksame damer reiste heim til sine kvardagar og til frimodig teneste i tillit til at Gud er verksam gjennom våre liv.