Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Avslutning av disippelkurset Nehemia

Diplomutdeling til deltakarane på Disippelkurset
Foto: Åse Røsvik de Vargas

Denne søndagen er det ikkje berre dåp, men utflukt med felles middag og samling på ettermiddagen. Der er det kursavslutning for Disippelskulen Nehemia. 17 deltakarar frå tre kyrkjelyder har fullført dette grunnkurset i bibelkunnskap og etterfølgelse. Diplom blir høgtideleg overrekt til kvar enkelt deltakar av kurskoordinator for Bibelinstituttets Quito-avdeling, Josefina Talavera .

Wilson Valencia har hatt ei dobbeltrolle som elev og medhjelpar på kursa. Han og kona Carol trivs med å vera leiarar for dei yngste ungdomane i kyrkjelyden sin. Og dei syns det er flott å få opplæring samtidig som dei står i teneste. Faktisk er dei så ivrige at dei har ordna seg med spesialundervisning på søndag ettermiddag. Då har dei nemleg tid til å gjennomgå truslære saman med Wilsons svoger, teologiutdanna Weslley frå Brasil. Elles er begge to studentar, Carol tar lærarutdanning og Wilson studerer administrasjon og regnskapsføring. I tillegg til å vera medhjelpar og lærar på Bibelinstituttet sine kurs, har han ein deltidsjobb i eit firma.

Dette unge ekteparet er brennande engasjert i ungdomsarbeidet i kyrkjelyden sin. Dei ynskjer å gi ungdom i området rundt menigheten eit godt miljø med forkynning til personleg tru. Om eit par år ynskjer dei å studere teologi saman, og etterkvart gå inn i ny teneste.Kanskje er dette eit framtidig pastorpar i kyrkja?