Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Regionårsmøte med ny vri

Foto: Foto: Tore Humstad

Under årsmøtesakene vert det opplegg for barn og unge i gymsal, buldrevegg og ute.
Acta har årsmøtet sitt kl. 16, etterfølgt av samtale om arbeidet. 
Oddvar Holmedal, utsending frå Landsstyret, talar på festmøtet om kvelden. Frisk Pris deltek med song.
Nelson Sarkar, Normisjon sin direktør for arbeidet i Bangladesh, er ein inspirator som også skal sleppe til i løpet av dagen. 

Regionårsmøtet er ei storsamling der vi ynskjer å løfte fram det som har skjedd i året som ligg bak, men kanskje endå viktigare å fokusere på moglegheitene som ligg i tida framover.
Regionen vår er inne i ei veldig spennande tid med fokusering på forsamlingsarbeid og fokus på arbedet i Acta.

 Tema for årsmøtet: «Følg meg».

Vel møtt til eit friskt årsmøte!

Årsmøteprogram:
10.30 Innregistrering. Kaffe og kringle
11.00 Gudsteneste. Tale Marius Økland. Song av Soul Children
12.15 Årsmøtesaker, Normisjon Opplegg for barn og unge: buldrevegg og gymsal
13.30 Middag 
15.00 Årsmøtesaker held fram 
Vedtekter for Holmely Omsorg og Retreat, Fjordly Ungdomssenter og Teigen Leirstad
16.00 Forfriskingar inkl. kaffi
Acta årsmøte
Samtale om arbeidet
Grupper
18.00 Kveldsmat
19.00 Festkveld 
Tale: Oddvar Holmedal 
Song av Frisk Pris
Acta leier festkvelden

Meld dykk på snarast råd, seinast 9. april til regionkontoret
Tlf.: 57 86 63 49
e-post: sof@normisjon.no

Prisar:
Årsmøteavgift kr 100,- Betaling ved oppmøte. Gjeld alle vaksne deltakarar (barn gratis)
Alle måltida laurdag kr 400,-
Barn 0-4 år: Gratis
5-12 år: 200,-

Etter festen: Festkaffi og kaker gratis / høve til å gje

Gudstenester søndag:
Kl. 11.00: Vereide kyrkje Preike ved Oddvar Holmeldal Song: Kyrkjekoret
Kl. 11.00: Nedstryn kyrkje Preike ved Jan Magne Moi
Kl. 16.00: Betania, Nordfjordeid. Tale ved Marius Økland

Last ned:
Innkalling og årsmøtepair Normisjon 
forslag til vedtektsendringar

Innkalling til Acta-årsmøtet
Presentasjon av kandidatar til Acta-årsmøtet

 

 Jan Magne Moi og Nelson Sarkar.