Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Første folkehøgskulekurs er avslutta

Internatleiar på Kamam, ein av studentane på Kamam saman med norske elevar pynta til avslutningsfesten.
Foto: Foto: Jorun Knapstad

Tysdag 3. mars var ein merkedag for elevane ved Kamam Folk High School. 23 elevar fekk vitnemålet sitt for første folkehøgskulekurs i Søraust-Asia. Dagen vart feira med ei flott festførestilling med foreldre og gjester. Den amerikanske ambassadøren på Sri Lanka var til stades og heldt tale. USAs ambassade støttar skulen med midlar til engelskkurs. Frå Norge var fotoklassen og Aktiv bistand Sri Lanka tilstades, i tillegg til lærarane Birger Fatland, Erlend Solvang, Lars Håberg og rektor Jorun Knapstad.

Elevane ved KAMAM deltok med song, dans og drama. Frå Sunnfjord heldt rektor Jorun Knapstad tale, vi viste bildepresentasjon over utviklinga av folkehøgskulane i Norge og elles deltok med andre innslag.

Den største opplevinga for elevane frå Sunnfjord Folkehøgskule var å få nokre dagar saman med elevane frå Kamam. Dei fekk arbeide saman i workshops og fekk vere saman om ein overnattingstur i ein fiskarlandsby og fekk oppleve godt vennskap.

Elevane ved Kamam har hatt undervisning i engelsk, foto, data og sosiale media, friluftsliv, førstehjelp, dans og drama, korleis arbeide med kjønnsroller i sitt eige samfunn, kommunikasjon og konfliktløysing. Dei har også fått opplæring i korleis dei kan setje i gang spare og lånegrupper ute i lokalsamfunna sine.

Å støtte ein ungdom i å få grunnleggande og gode ferdigheiter for livet kostar lite for oss, men har utruleg mykje å seie for dei som får dette høvet til å gå på folkehøgskule.

www.sunnfjord.fhs.no