Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Stort Fjordly-engasjement rundt om i Nordfjord

Sandane Soul Children song på Fjordlybasaren på Sandane
Foto: Ingebjørg Isane Fure

På Sandane var det Fjordlyklubben som stelte i stand basar. Små og store fylte den store salen i bedehuset. Loddsal og åresal gjekk unna og gav gode inntekter til Fjordly: Ca. 18.000 kr når utgiftene var trekte ifrå.

Morten Leirgul og Kirsti Bjotveit fortalde om korleis dei opplevde å vere på leir i oppveksten og ungdomstida. Sandane Soul Children song så høyreapparata nesten datt av for tilhøyrarane som vanlegvis treng den slags. Det passa godt på ein Fjordlybasar med eit tweens-kor som formidlar Jesus tydeleg og som er prega av glede og futt! Sjølvsagt var det også veldig god mat for små og store, i tillegg til mange gevinstar.

Glopparane fekk sist haust møne på Gloppehytta på Fjordly. Den er også blitt fint opprusta innvendig. Med denne basaren gav dei eit godt bidrag til utgiftene med opprustinga.

Stadt
På Stadt var det Fjordlybasar sist laurdag i Nordstranda bedehus. Inntektene på 29.000 kr går til nedbetaling av gjelda på Stadthytta. Loddsal på førehand utgjorde 13.000 kr av denne summen.
Marte-Iren Lade, dagleg leiar på Fjordly, informerte frå Fjordly og heldt andakt om Gideon: Han var ein heilt vanleg mann som vart kalla av Gud. Gud kan bruke heilt vanlege folk!

Det var både åresal, ei runde med «avrivingslodd» som gav heimestrikka og heimebaka gevinstar, og i tillegg hovudlotteri (bøker) med veldig flotte gevinstar. Randi Dalsbø Stave på Stadt fortel:
   - Det er så lett å få folk til å bidra: Dei stiller til dømes villig opp til å sitte på butikken for å selje lodd. Andre spør sjølve om dei skal ta med mat og gevinstar på basaren.

Ny rekord på Fjordly
15. mars var det Fjordlybasar på Fjordly med ny inntektsrekord: Omtrent 97.000 kroner!

Fjordly var fylt av mellom 110 og 120 glade menneske som var heilt gale etter lodd! Inkludert førehandssalet rundt om i heile Nordfjord, blei det selt for omtrent 75.000 kroner på loddlistene. På basaren blei det selt årar i to omgangar for omtrent 22.000 kroner.

Davik barnekor song nydeleg. Marius Økland hadde ein sprek andakt der han viste oss at Bibelen har noko å seie til ALLE menneske. Det var god stemning undervegs i basaren, med allsongar, mat og leikar. Nokre lo så dei måtte tørke tårene då eit ekstraordinært bra skodespelarteam spelte «Mor, mor, eg trur eg besvimer.»

Status for hyttelånet på Fjordly
Per 31.12.2014 var lånet på dei nye hyttene på Fjordly komme ned i 2,6 millionar. I 2014 vart det betalt 150.000 i ordinære avdrag og renter. I tillegg vart det betalt inn 85.000 ekstra i 2014.

Stor takk til alle som bidrog på basarane og som elles gir til Fjordly!

Biletserien under er ifrå både Sandane og Fjordly.