Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Bli fast gjevar til region Sogn og Fjordane

Foto: Acta Sogn og Fjordane

Vi satsar på fellesskapsutvikling, og vi har utvida stillingsramma til Acta – no er det to årsverk tilsett! Vi har utvida fokus på arbeidet i Sunnfjord, og vi har tru på at Gud vil gje arbeidet vekst!

For å ha ein meir forutsigbar økonomi ønskjer vi at fleire blir faste gjevarar. Dersom ein teiknar seg som fast gjevar i perioden 1. januar-30.april 2015 er ein i tillegg med i trekninga av premiar!

Dersom ein teiknar seg som fast gjevar i perioden 1. januar til 30. april for minimum kr 300 per månad i minst eitt år, eller aukar gjevartenesta med kr 300, er ein med i trekninga av fine premiar. For studentar eller ungdom er minstegrensa kr 200 per månad i minst eitt år.

Følgjande prosjekt gjeld i denne aksjonen:
- Normisjon sitt arbeid i Sogn og Fjordane
- Acta sitt arbeid i Sogn og Fjordane 
- Fellesskapsutvikling i Nordfjord 
- Normisjon sin arbeid i Sunnfjord

Premiar:                                                         
1. iPad mini 3, 64 GB
2. Leiropphald, familieleir                      
3. Grundig DAB+ radio (verdi:                      
4. Gåvekort Libris  kr 499 

Vinnarane vert presenterte på normisjon.no/sof og i Nytt frå Normisjon nr 3-2015.

Følg rettleiinga nedanfor for å bli fast gjevar, eller kontakt regionkontoret:
Tlf. 57 86 63 49. E-post:
sof@normisjon.no


Korleis bli fast gjevar til Normisjon i dag? 
Du kan melde deg på nettet og signere med BankID (same som du brukar for å logge inn i nettbanken). Då er vi i gang utruleg fort!

Finn fram brikken du brukar for å logge inn i nettbanken med. Gå inn på normisjon.no/sof og gå litt ned på sida. På bildet frå familieleir står det ein oransje knapp: "Gi nå!"

Klikk «Fast giver», og vel beløp (eller du kan skrive inn valfritt beløp). Lat «Gi til» stå «Normisjons arbeid i Sogn og Fjordane».

Vel frekvens, vi anbefaler månadleg – det gjev størst forutsigbarheit for Normisjon. Skriv inn fødselsnummer (for registrering for skattefrådrag), namn og kontaktinformasjon.

Klikk den nedste oransje knappen: "Bli fast giver og opprette avtalegiro med bankID

Du får då opp eit slikt skjema:

 

Klikk gjerne «ønsker ikke varsel». Det sparar Normisjon for pengar.

Skriv inn ditt kontonummer.
Vel ei beløpsgrense som er OVER månadsbeløpet. Dersom du set denne grensa likt månadsbeløpet vil du i framtida ikkje kunne auke gjevatenesta. Normisjon vil uansett aldri trekke meir enn avtalt beløp. Huk av for at du har lest og akseptert avtala.
Klikk fortsett. Du får opp ei stadfesting. Klikk Fortsett.

No treng Java å kjøre. (klikk aksepter/godta om du må gjere eit særskilt løyve. Om du ikkje har Java kan det vere du må laste det ned/laste ned oppdatering).
Klikk at du har lest og aksepterer, vel neste. Skriv eingongskode frå brikka di og vel neste.
Før inn personleg passord og klikk signèr.

Du blir sendt tilbake til Normisjon si side for stadfesting av at avtala er registrert.

NB! Du er no registrert som gjevar til det generelle arbeidet i Normisjon i Sogn og Fjordane. For å bli registrert på prosjekt til Acta, arbeidet i Sunnfjord, «Fellesskapsutvikling i Nordfjord» eller leirstadane/Holmely, må du gje regionskontoret melding om at du har registrert deg, og spesifiserer kva arbeid i Sogn og Fjordane du ønskjer å støtte. Tusen takk for støtta!