Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Spleiselaget Normisjon

Gjennom det årlege misjonsprosjektet bidreg elevane ved Nordfjord folkehøgskule med store summar til Normisjon sitt arbeid i Nepal.
Foto: Tore Humstad

Normisjon er eit stort spleiselag! Vi vil bringe Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag. Derfor spleiser vi - eg og du og mange andre - på tilsette og på verkemiddel som bidreg til å nå visjonen. Men korleis kjem pengane inn? Korleis blir dei brukte, og kvifor er det kvar haust eit skrik om pengar til Normisjon?

Inntektene til regionen
Regionen har inntekter på om lag 3 millionar i året. Den største enkeltposten på inntektssida er fast gjevarteneste med over 800.000 kroner i året. Dette gjev viktige stabile inntekter kvar månad. Ansvarsringen samlar inn ca. 300.000 i året i det stille, og julemessene utgjer ca 250.000 i året. Tusen takk for gåvene!

Nedgang i foreiningsgåver
Kyrkjeoffer, kollektar og foreiningsgåver har hatt ei jamn nedgang over fleire år. Inntektene gjennom giroen som ligg ved regionavisa er ca 8% av inntektene, men vi ser at også dette minka i fjor. Difor set vi ekstra inn på å få faste gjevarar.

Det er sjølvsagt også flott med alle gåver som kjem gjennom foreininga, kyrkjelyden og på giroane vi sender ut. Nokre likar best å gje på den måten.

Utearbeidet
Det kjem inn om lag ein million til misjonsarbeidet internasjonalt frå Sogn og Fjordane. I 2014 gjekk dette bidraget faktisk ned, og det var tilfellet for fleire regionar. Mellom anna dette førte til at hovudkontoret og utearbeidet gjekk med eit stort underskot og landsstyret har vedteke at fleire tilsette sentralt må seiast opp.
Vi håpar på eit tent misjonsengasjement som gjer at bidraget frå Sogn og Fjordane blir større i 2015.

Fordeling av inntekter
Inntektene i Normisjon har ein fordeling mellom regionen og utearbeidet/hovudkontoret. Litt avhengig av kva det gjeld er denne fordelinga på 80-90% til regionen og 20%-10% til utearbeidet. Når ein kollekt blir teken opp til utearbeidet går 80%-90% ut og 20%-10% blir i regionen som har samla inn midlane.
Dersom ein øyremerker midlane særleg går det sjølvsagt å la 100% gå til regionen eller utearbeidet. Leirstadane har ikkje slik fordeling.

Haustkrise!
Inntektene i misjonen er svært sesongbaserte. Frå januar til oktober har vi ca 2 millionar i inntekter. Då står det att to månadar og ein må samle inn enno ein million kroner. Det er ganske mykje pengar på kort tid! Det er difor ein høyrer om «haustkrise» og «haustknipe». Til fleire vi får over på fast gjevarteneste til mindre «knipe» får vi på hausten og dermed kan ein fokusere meir på arbeidet og mindre på økonomien.

Kva går pengane til?
Mesteparten (67 %) av utgiftene er knytt til det å ha tilsette. 10% går til leirarbeidet (leige av Fjordly og Teigen), medan resten går til rekneskapsføring, porto, kopiering, straum, husleige og andre nødvendige kostnadar ved det å drive ein organisasjon.

(Saka held fram under biletet.)

Vi som er tilsette forvaltar ressursane etter beste evne for å verkeleggjere visjonen saman med gjevarar og frivillige: Jesus Kristus til nye generasjonar og folkeslag.  

Acta - barn og unge i Normisjon
Acta i Sogn og Fjordane har ikkje eit eige rekneskap, men er ei avdeling under Normisjon. Fast gjevartenesta til Acta har auka år for år og det er vi glade for. Personalkostnadane er langt over det som kjem inn, men vi tenkjer heilskapleg med Normisjon og Acta som eitt.
Årsrapportane som lokallaga fyller ut er med å skaffar Acta nasjonalt rundt 8 millionar kroner, der 5 millionar går direkte tilbake til lokalt arbeid.

Testamentariske gåver
Nokre ønskjer å testamentere delar eller heile formuen sin til Normisjon. Det er vi svært takksame for. Nokre har kanskje skrive eit testamente der det står Indremisjonsselskapet eller Santalmisjonen. Vi oppmodar om å oppdatere testamentet slik at det står Normisjon. Om ein vil testamentere til arbeidet i regionen er det viktig at det står «Normisjon region Sogn og Fjordane». Står det «Normisjon» vil arven tilfelle det generelle arbeidet og utearbeidet. Ønskjer ein hjelp til å sette opp testamente kan ein kontakte regionskontoret eller hovudkontoret direkte.

Gjevarkampanje
For å få fleire over på fast gjevarteneste hadde regionen ein gjevarkampanje i 2013. Då fekk vi auka fast gjevartenesta med ca kr 130.000 årleg. For å kunne satse på både arbeidet med fellesskapsutvikling og nysatsing i Sunnfjord køyrer Acta-styret og regionstyret i gang ein ny aksjon i 2015. Det er vel ingen som er med i gjevarteneste for å vinne noko, men kanskje det kan motivere deg som har tenkt på dette til å gjere det no. Sjå denne saka.