Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Sommarleirar på Fjordly

Foto:

Fjordly
Fjordly er leirstaden vår på Bryggja/ Totland i Nordfjord. Fjordly ligg på ein holme i tilknyting til fastlandet, og har eit stort uteområde til både vannsport, fotball, volleyball, kubb og andre kjekke aktivitetar. Hovedbygget byr mellom anna på bordtennis, biljard, jakkolo, minicurling, ei koselig peisestove for peiskos og aktivitet, møtesal, matsal, god mat og mykje anna!
Sommarleir på Fjordly er hytteliv, uteliv og inneliv, Jesusliv, rangleliv, flørteliv og mykje mykje meir! Sommarteamet på Fjordly er klar for ein ny leirsesong! Er du?

Minileir
12.- 14. juni (fred.-sønd.) / 4 år.- 3.klasse / kr 650,-
(Born i førskulealder må reise i følgje med vaksen kr 800,-)

Tweensleir 1
22.- 25. juni (månd.-tors.) / 4.-7. klasse / kr 800,-

Tweensleir 2
3.- 6. juli (fredag-måndag.) / 4.-7. klasse / kr.800,-

Tenleir
10.-14. juli (fred.-tirs.) / 8.kl – 18 år / kr. 965

Familieleir
24.-26. Juli / Pris: Barn 0-4 år: Gratis / 4.-11 år: kr 775 /
12- 18 år: kr 930 / Vaksne: kr 1350,- /
maks familiepris 4250
Familieleiren i fjor blei full, og vi ventar ikkje mindre folk i år! Sjøaktivitetar, bibeltimar for små og store, fotball, peiskos, god mat og godt fellesskap. Dette blir kjekt!

NB! Meld dykk på tidleg, det kan fort bli fullt!

De finn meir informasjon under kvar leir. 

Påmelding
Påmelding gjer du helst her
Du kan også sende ein e-post eller ringe oss. Frist for påmelding 7 dagar før leirstart. Påmelding etter fristen vert 100,- i tillegg på prisen