Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Glad tone under regionårsmøtet

Foto: Ingebjørg Isane Fure

Det heile starta med ei familiegudsteneste der Breim og Sandane Soul Children i eit felles kor drog i gang friske tonar med klar bodskap. Vegard Tennebø leia gudstenesta i ei fullsett Ljosborgstove.

Oppdrift
Under årsmøtet for Normisjon vart det lagt fram positive årsmeldingar frå regionen og dei ulike einingane: Fjordly Ungdomssenter, Holmely, Fjordly Barnehage, Teigen Leirstad, Innvik Fjordhotell, Nordfjord og Sunnfjord folkehøgskule. Det er mykje god oppdrift i Normisjon Sogn og Fjordane!

Val og vedtekter
 I regionstyret vart Magnus Aarseth (Vassenden) og Anne Kristin Gunvordal (Sogndal) valde inn for tre år. Første vara vart Laila Marie Nydal (Førde). Svein Ottar Sandal er inne i sitt andre år som regionstyreleiar, og uttrykte glede og iver over å vere med i dette arbeidet.

Årsmøtet vedtok oppdaterte vedtekter for Fjordly Ungdomssenter, Holmely og Teigen Leirstad. 68 personar med røysterett deltok.

Acta i farta!
Acta – barn og unge i Normisjon heldt også årsmøte, og fortalde om mange gleder, mellom anna oppgang i leir- og leiartreningsarbeidet og blomstring innan Soul Children (korkonsept). Litt nedgang i det lokale barnelagsarbeidet er ei av utfordringane som Acta står overfor. Rune Tøsse (Volda) vart vald som Acta-styreleiar på nytt. Johannes Nome (Stårheim) og Malene Solheim (Sandane) er nye styremedlemer. Første vara: Andreas Dalsbø (Ytre Stadt).

Det vart elles orientert om at Stine Lillebø Hopland går inn i stillinga som Acta-leiar frå hausten av. Og Katarina Aabrekk er tilsett frå 15. juni som Acta-arbeidar i 100%. Ho skal ha særleg fokus på Sunnfjord. 

Under både Normisjons- og Acta-årsmøtet var det opplegg for barna i buldrevegg og gymsal. 

Inspiratorar 
Utsendingar frå Normisjon sentralt til årsmøtet var Oddvar Holmedahl og direktør for arbeidet til Normisjon i Bangladesh: Nelson Sarkar. Dei heldt inspirerande innlegg og taler. Dei frammøtte fekk mellom anna sjå glimt frå arbeidet i Bangladesh. Koret Frisk Pris deltok med vakker song under festmøtet.

Takk
Berre eitt innslag denne dagen var mest prega av moll-modus: Regionleiar Jan Magne Moi og Acta- / administrasjonsleiar Marius Økland avsluttar tenesta i region Sogn og Fjordane til sommaren. Begge fekk takk og gode ord under årsmøtet for langvarig og stor innsats.

Det er per dags dato ikkje ny person på plass i den ledige stillinga som region-/administrasjonsleiar, men det rår likevel optimisme om at Gud vil kalle og sende den han vil ha til å leie ein region som på mange måtar er i blomst. 

I kollekt kom det inn ca. 20 000,- + det som kom inn via kortautomat.

Hjarteleg takk til alle som deltok og bidrog til eit flott årsmøte!

Sjå fotoserie under (foto: Vegard Tennebø og IIF).


Deler av det nye regionstyret: F.v. Magnus Aarseth, Kari Rygg Leirgul, Rune Tøsse (actastyre-representant), Anne Marit Standal (3. vara), Kjell Magne Birkelund, Jan Magne Moi (regionleiar), Svein Ottar Sandal (styreleiar).
Anne Kristin Gunvordal, Susan K. H. Husabø, Laila Marie Nydal (1. vara) og Svein Helge Hovstad (2. vara) var ikkje til stades. 



Maria Dalsbø Tøsse tenkjer at regionårsmøte er litt underverdert i hennar aldersgruppe. - Årsmøte er kjekt!