Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Nordfjord støttar Nepal

Bistandskomiteen, v/ Håvard Næss og Stine Bostrøm overrekk sjekk til Marius Økland i Normisjon.
Foto: Stein Bostrøm

Sjukehuset er støtta av Normisjon, både økonomisk og med personell. Det har vore stort engasjement rundt bistandsprosjektet og 9. mai overrekte komiteen ein symbolsk sjekk til Normisjons representant Marius Økland. Over 330.000 kroner blir sendt til sjukehuset som ligg på landsbygda i Nepal.

- Det ligg ein stor innsats bak dette beløpet, seier medlem i bistandskomiteen Håvard Næss. Det har vore tanken om å hjelpe andre som har drive oss til innsatsen. Vi går eit år på folkehøgskule og det er mykje fokus på oss sjølv og vår sjølvrealisering. Men dette prosjektet er med å løfte oss ut av bobla og å hjelpe andre.

- Vi har hatt mange ulike og kreative måtar å samle inn pengar på, seier Stine Bostrøm, og ramsar opp: bistandsløp, elevkafeear, bistandsfrisør, måneskinnsturar og kasinokveld. Vi har vore kreative og hatt det kjekt.

Bostrøm var i Nepal i haust og har sett sjukehuset og møtt menneska som får hjelpa. Ho seier det er flott å vite at elevane sin innsats dette året er med å tenne håp for medmenneske på landsbygda i Nepal.

Nordfjord folkehøgskule hadde avsluttingsfest 9. mai og overrekte pengar dei hadde samla inn til Okhaldhunga sjukehus. Her er alle elevane samla.

Det store jordskjelvet i april har ført til at Nepal er komen i verdsmedia. Sjukehuset i Okhaldhunga har vore gjennom store utbetringar siste åra og krava som vart stilt til dei nye bygningane gjer at sjukehuset har tålt jordskjelvet. «At sjukehuset står når alt anna raser, er alfa og omega» seier Næss.

Det er framleis mogleg å støtte folkehøgskulen sitt bistandsprosjekt ved å bruke kontonummer 3705.13.05842 eller ein kan sende sms merka «nordfjord» til 2160 for å gje kr 75.