Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Fjordlyfestivalen vart ein suksess!

Foto: Ingebjørg Isane Fure

Det var ein ganske spent dagleg leiar på Fjordly nokre dagar før Fjordlyfestivalen 9. mai; vêrmeldingane var dårlege for denne laurdagen, med mange planlagde uteaktivitetar. Bøner vart bedt, og bønesvaret kunne merkast på kroppen: Sol heile dagen, vindstille og varme i lufta. Så fint vêr at nokre kom til og med med båt frå andre sida av fjorden.

Eit mylder av aktivitetar
Ute kunne ein skyte med luftgevær, ri på hest, ete vaflar, vere ute i båt eller kano, bruke utespel (Energikampen-aktivitetar) som var lånt inn for dagen, gå på loppemarknad, spele fotball, eller berre sitte å prate og nyte dagen. Inne var det kafé med middag og annan mat til sals.

«Maten var det beste i dag», fortalde ei jente som hadde kosa seg med dei mange aktivitetane, men ingen ting slo maten! Andre barn trekte fram ri på hest eller vere ute i båt, som favorittaktivitet. Fleire foreldre, besteforeldre uttrykte glede over flott opplegg for både små og store.

Konsert og lovsongsfest
Midt på dagen var det barnekonsert der Stadlandet barnekor, barnekoret Tusenfryd og Syng og Sprell både imponerte og sjarmerte dei om lag 150 frammøtte. Ingrid, Maria og Marte-Iren Lade leia allsong, og Jan Magne Moi heldt andakt om bøn.

Dagen vart avrunda med lovsongsfest der LIM (Lys I Mørket) og ColdwaterGroveCompany var bidragsytarar. Lovsongsbandet ved Eva Langseth og Tor Olav Heldal leia lovsongen vidare, medan Vegard Tennebø heldt ei kort andakt om tilbeding. Det var også felles bøn for Nordfjord og Nepal.

Pengar til kjøl/frys og Okhaldhunga
Det kom inn brutto nærare 35 000 kroner. Av overskotet går 80% til ny kjøl og frys på Fjordly, og 20% til Okhaldhunga sjukehus i Nepal.

Som ei dronning i ei maurtue stod Marte-Iren Lade bak ein godt organisert og gjennomført festival. Men med seg hadde ho også veldig mange som bidrog med små og store oppgåver. Heile festivalen var ein stor dugnad som mange skal ha stor takk for!

Sjå bildeserie under.