Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Ove Aksnes takkar av

Ove Aksnes hadde rikeleg å henge fingrane i under byggjeperioden.
Foto: Ingebjørg Isane Fure

Ove Aksnes var styrar både for Fjordly og Holmely i ei tid med mykje endringar. Svært mykje skjedde, og Ove hadde oversikta og handterte mange gode innspel. Det var utruleg med initiativ i byggjeperioden, ikkje berre med dei nye hyttene, men også rundt omkring i og rundt gamle bygningar. Det var kjekt å sjå korleis Ove tok del i alt dette.

Etter eitt års permisjon har han sagt opp stillinga og har gjeve stafettpinnen vidare til Marte-Iren Lade. Ho går frå å vere vikar til fast dagleg leiar. Halgeir Lade vil óg halde fram som frivillig vaktmeister. 

Me i Normisjon er svært takksame for tenesta til Ove og ynskjer Guds signing vidare.
Me er også veldig glade for at Marte-Iren og Halgeir Lade vil halde fram på Fjordly. Dei er eit ressurspar som allereie har lagt ned ein solid innsats på ungdomssenteret. 

Sjå også sak i fjor vår: Nye folk på Fjordly



Marte-Iren og Halgeir Lade.