Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Leir i sikte!

Foto:

Acta barn og unge i Normisjon sin visjon er «grensesprengjande fellesskap, der barn og unge møter, ærer og følgjer Jesus Kristus». Denne visjonen er grunnlaget for det vi ønskjer med alt arbeidet vårt; tenk å få vere med å sprengje grenser!

Acta består først og fremst av over 600 lokale fellesskap med til saman 19 000 medlemmar rundt om i landet. Nærare 30 av desse fellesskapa finn vi i Sogn og Fjordane. Dei ulike lokallaga har samlingar året rundt. Gjennom aktivitetar som for eksempel hobby, kor, eller friluftsliv får barn og unge i fylket vårt høyre om Jesus og lære han å kjenne. Dette arbeidet er sett stor pris på, og er veldig viktig, men av og til er det kjekt å kunne samlast i endå større fellesskap der vi kan sprengje nye grenser og skape nye minner. Eit av desse fellesskapa er leir.

Leir
Ein av dei viktigaste arenaane for dette er leir, og no er vi i gong med sommarleirsesongen! Å reise på leir inneber å overnatte heime ifrå, å bli kjend med nye menneske, å finne på mykje saman, og ikkje minst å få høyre meir om Jesus. Alt dette gjer at vi lærer noko nytt og får oppleve noko unikt – vi skapar grensesprengjande fellesskap. Vi ynskjer å bevisstgjere barn og unge på at dei er elska av Gud og at dei har ein enorm verdi. Derfor vil vi sette fokus på god undervisning med moglegheit for å bli betre kjent med Jesus, aktivitet som har fokus på fellesskap, og krydre det heile med ein stor dose latter og glede. Skal vi sjå grensesprengjande fellesskap, må enkeltmenneske få hjelp til å sprengje grenser i sitt eige liv.

Leirsommaren 2015
Leirsommaren på Fjordy og Teigen består av sju leirar for ulike aldersgrupper. Frå firåringar til besteforeldre, ungdom og familiearbeid. Vi skal ha mini- og amigosleir, tre tweensleirar, ein tenleir og ein familieleir. Førebuingane er godt i gang, og allereie i midten av mai hadde vi passert 100 påmeldingar. Vi gler oss!

Aktivitetane på leir er mange, kanskje blir det gjørmefotball, «pip pip owææ», eller «Fomp»? Vi kan i alle fall love båt, kano og kajakk, bading, fotball, volleyball, bordtennis, biljard, god mat, peiskos, bålbrenning, delekveldar, andakter, bibeltimar, litt søvn, spel, leik og latter! I fjor var ca 550 barn og unge på leir i Sogn og Fjordane, og vi gler oss til å få møte endå fleire på leirane framover.

(Saka held fram under bildet.)

Musikkverkstad for barna på familieleir sommaren 2014: «Hvem er jungelens konge?» 

Sommarteam
Årets sommarteam består av fire sommartilsette ungdomar og to tilsette frå Acta regionalt. Teamet skal ha ansvaret for leir-ane på begge leirstadane våre, og dei er allereie i gang med førebuinga.

Teamet i år er sett saman av personar frå ulike delar av fylket vårt: Knut Leirgul frå Sandane, Linda Breiteig Bakke frå Haugen i Eid, Kristin Stave frå Ytre Stad, Ane Marte Warvik frå Førde, Katarina Aabrekk frå Olden og Stine Hopland, Eid. Ver gjerne med i bøn for både teamet og for leirarbeidet.

Familieleir
Siste helga i juli blir det som tidlegare nemnt Familieleir på Fjordly. Denne leiren har dei siste åra vore veldig populær. Den har bydd på godt fellesskap for små og store, misjonstivoli, lovsong, opplegg for alle aldersgrupper og god stemning. Avtroppande regionleiar Jan Magne Moi og kona Ingunn blir med på denne leiren, og teamet og fleire frivillige skal ha opplegg for borna.

Sommarleirane på Fjordly
Sommarleirane på Teigen

Påmelding til leirane