Ingen Javascript

Din nettleser har deaktivert Javascript som brukes på denne nettsiden.
Trenger du hjelp for å aktivere klikk her

Takk frå Marius

Foto:

Takk
Min siste leiar i regionavisa må begynne med takk. Takk for seks flotte år i Normisjon og Acta i Sogn og Fjordane.

Det er så mange å takke. Alle flotte folka eg har treft. Dei eg har jobba saman med. Ledd saman med. Grine saman med. Delt liv og bibel saman med.

Nokre skulle eg ha takka ekstra, utan å vite kven, for eg kjenner at det er dei som ber for meg i det skjulte. Takk.

Og takk til Gud. Som framleis skaper tru, håp og kjærleik gjennom Normisjon. Det er stort å tilseie ungdommar som kjem til forbøn, forlating for syndene. Det er stort å sjå unge vaksne ta imot hans kropp og blod i nattverden. Det er stort å vere i sjelesorgsamtalar med eldre kristne. Gud verkar i og gjennom Normisjon!

Tru på Normisjon

«Jeg har tro på Normisjon. For jeg kjenner og har tro på menneskene i Normisjon» sa noverande generalsekretær då ho begynte i tenesta i fjor. Eg kjenner på det same. Eg har stor tru på Normisjon fordi eg etter kvart kjenner så mange. Frå ytste Stad, til inst i Hafslo. Det er DU som er Normisjon. Det er DEG Gud har kalla.

Frukta av arbeidet
Eg ser det verkar. Ungdommar seier: «Utan Acta og leir hadde eg ikkje vore kristen». Barn hoppar og sprett og syng om Han som gjev tru, håp og livsglede. Familiane samlast til kristent fellesskap. Gud kallar og folk svarer på kallet til forbønsteneste, gjevarteneste og fellesskapsutvikling. Ja, ordet frå Apostelgjerningane 12 er gyldig også hos oss: «Guds ord breidde seg ut og hadde framgang.»

Vidare med Jesus
Hald fram, både unge og eldre, i arbeidet både med munn og hand, frå talarstol og kjøkkenbenk, med musikkinstrument og vaskebøtte, med giroblankett og hender falda i bøn. Evangeliet må vidare. Vi vil vidare med Jesus!

Må Gud velsigne Sogn og Fjordane.